Tor Obrestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tor Obrestad under litteraturfestivalen på Cafe Sting 2007
Foto: Jarle Vines

Tor Obrestad (fødd 12. februar 1938) er ein norsk forfattar. Han har gjeve ut romanar, noveller, dikt, gjendiktingar, skodespel og biografiar.

Liv og forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Tor Obrestad vart fødd i Jæren og tok lærarutdanning, som han avslutta i 1963. Deretter drog han til Oslo for å studera engelsk. Han debuterte i 1966 med diktsamlinga Kollisjon, som han fekk og novellesamlinga Vind, noko han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Året etter gav han ut ei gjendikting av William Blake.

Forfattaren var sterkt involvert i det radikale kunstnarmiljøet i 1960-åra. Han var med i gruppene rundt tidsskrifta Profil og Syn og Segn, sat i redaksjonen til Fossegrimen og vart seinare redaksjonssekretær i Vinduet. Obrestad var òg med på å stifta det første marxist-leninistiske lokallaget i Groruddalen. Som den gode sosialistiske forfattaren han var skreiv han om streiken i Sauda i 1970 (Sauda! Streik!, 1972), og Hammerverk-konflikten (Stå på!, 1976).

Tor Obrestad har seinare stått for fleire utgjevingar om Jæren og om menneske med tilknyting til landskapet, som Arne og Hulda Garborg og Alexander Kielland. Han bor nå på Våland i Stavanger. Obrestad har òg verka som bokmeldar i Aftenposten og Stavanger Aftenblad. Han fekk Noregs Mållags barnebokpris i 1985.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Dikt[endre | endre wikiteksten]

  • Kollisjon. 1966
  • Vårt daglege brød. 1968
  • Den norske løve. 1970
  • Sauda og Shanghai. 1973
  • Stå saman. 1974
  • Vinterdikt. 1979
  • Misteltein. 1987
  • Mimosa, myosotis, rosmarin. 1994
  • Ohrid. 1999
  • Himmelen over Vålandskogen. 2009

Noveller[endre | endre wikiteksten]

  • Vind. 1966
  • Tolken. 1975
  • Sjå Jæren, gamle Jæren. 1982
  • Forsøk på å halda fast tida. 1993
  • Kvinnene i Casablanca og andre historier. 2002

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • Marionettar. 1969
  • Sauda! Streik! 1972
  • Stå på! 1976
  • Ein gong må du seie adjø. 1981
  • Seks netter, seks dagar. 1989
  • Bernhards mor. 1998
  • Krokodillen Alexander og navigator emeritus, Reinert i Sjøhusgaten. 2001
  • Vi skal kle fjellet med menneske og våpen. 2006

Barnebøker[endre | endre wikiteksten]

  • Reisa til bestemor. 1980
  • Kamelen i Jomarskogen. 1985

Atterdiktingar[endre | endre wikiteksten]

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

  • Oljearbeidarar. 1977
  • Tenningar. Skrivestykke gjennom 20 år. 1986
  • Arne Garborg. Ein biografi. 1991
  • Hulda. Biografi. 1992
  • Om Fred og nihil. Ei nylesing av Fred. 1994
  • Sannhetens pris. Alexander Kielland. 1996
  • Den lengste historia. Rogaland 10 000 f.Kr.-1350 e.Kr. 2004
  • Søk. 13 artiklar om litteratur. 2005
  • Einar Førde. Ein biografi. 2007

Pristildelingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]