Toradar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toradar

Klassifiseringtrekkspel
Hornbostel-Sachs klassifisering412.132

Ein toradar eller durspel er eit lite trekkspel. Lyden kjem frå frie tunger som vert sett i røyrsle av luft som passerer over dei, nett som på eit munnspel eller eit trøorgel.

Speleteknisk er det stor skilnad mellom toradaren og det meir vanlege kromatiske trekkspelet, og toradaren liknar i prinsippet mykje på eit munnspel. Toradaren er vekseltonig, det vil seie at kvar knapp gjev to ulike tonar avhengig av om belgen blir dregen ut eller pressa inn. Instrumentet er i utgangspunktet diatonisk, slik at eit instrument stemt til dømes i G-dur, ikkje kan spele andre toneartar enn denne. Imidlertid har kvar av dei to knapperadene sin eigen toneart. I nordisk tradisjon er toradarane til vanleg bygde opp med hovudtonearten på den inste knapperada. Den ytste knapperada er ein komplementær toneart, oftast kvinten til hovudtonearten. I Noreg er G/C-toradarar, som altså har C-dur som hovudtoneart og G-dur som hjelpetoneart, og A/D-toradarar (A-dur og D-dur) dei mest utbreidde kombinasjonane. C/F-toradarar er noko mindre vanlege, noko som kan kome av at F-dur er ein lei toneart å akkompagneregitar medan A, D, G og C er særs gitarvenlege.

Dei fleste toradarane er kompletterte med fire halvtonar, som oftast er plasserte på dei to øvste knappane. Dette utvidar toneomfanget til ein kromatisk skala over ein oktav på kvar knapperad.

Knappane på bassklaviaturet sit parvis ovanfor kvarandre. Den nedste knappen i paret gjev grunntonen, medan den øvre gjev den tilsvarande treklangen. Det finst mange variantar, men det er vanlegast med fire par knappar der dei seks innleiande tonane i hovudtonearten er representert. Den sjette akkorden er oftast ein mollakkord, medan dei øvrige er durakkordar.

Det var ein orgelbyggjar i Tyskland, Buschmann, som ved eit tilfelle laga det første munnspelet, som er første steg mot trekkspelet.[treng kjelde] Utgangspunktet var dei pipene han brukte til å stemme orgelet med. Då han fann på å sette ein belg på desse for å få ein lang tone, var prinsippet klart. Dette resulterte i ein enorm produksjon av munnspel som vart eksporterte til heile verda. Ikkje lenge etter fann ein på «å sette belg på» munnspelet og fekk då den første einradaren. Denne vart utvida til toradar og seinare treradar, fire- og femradar, det som er kjend som knappetrekkspel i dag. Denne utviklinga gjekk raskt.

Toradaren vert brukt over heile Noreg, og har dei siste åra fått ein renessanse i landet. Kjende toradargrupper er Hallingdal kraftlag, Toradertrioen fra Hallingdal, Jutullaget, Hedmark Toraderlag, Lillebror Vassaasen, Eddy «Knerten» Lyshaug, Durspellskameratene og mange andre over heile landet. Det vert arrangert årlege meisterskap i toradarspel sommarstider.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]