Toralf Engan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toralf Engan (fødd 1. oktober 1936) er ein tidlegare norsk skihoppar frå Hølonda i Melhus. Han vart i 1962 verdsmeister i normal bakke. I 1962/63 vann han den tysk-austerrikske hoppveka samanlagt, etter å ha vunne tre av dei fire renna. Engan vart olympisk meister i stor bakke under Vinter-OL 1964 i Innsbruck og vann dessutan sølvmedalje i normal bakke.
I 1962 vart Engan tildelt Morgenbladets Gullmedalje og Holmenkollmedaljen. Han vart i tillegg kåra av norske sportsjournalistar til Årets idrettsnamn. Etter OL i 1964 fekk han òg Fearnleys olympiske ærespris.
Innhaldsliste |
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn [endre]
- 1957: Nr 9 i Garmisch-Partenkirchen
- 1960: Nr 2 i Holmenkollen, nr 3 i Svenska Skidspelen i Transtrand
- 1961: Vinnar av Svenska Skidspelen i Falun
- 1962: Vinnar i Holmenkollen og Svenska Skidspelen i Falun
- 1963: Vinnar av dei tre fyrste renna i den tysk-austerrikske hoppveka og samanlagtvinnar, og vinnar av Svenska Skidspelen i Falun
- 1964: Nr 2 i Holmenkollen
- 1965: Nr 3 i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap [endre]
- 1959: Nr 7 på Gjøvik
- 1961: Gullmedalje på Røros
- 1962: Nr 4 i Skien
- 1964: Sølvmedalje på Voss
- 1965: Bronsemedalje i normalbakken i Oslo
- 1966: Sølvmedalje i normalbakken på Rena
Kjelder [endre]
- Sportsboken, aktuelle årgangar