Torbjørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Torbjørn eller Thorbjørn er eit gammalt nordisk mannsnamn, samansett av gudenamnet Tor og 'bjørn'.

Den norrøne forma av namnet var Þorbiǫrn, medan Thorbiorn var den gammaldanske og gammalsvenske forma. Torben er ei dansk/tysk form, Thorben hovudsakleg tysk, medan ein i engelsk namnetradisjon hovudsakleg finn namnet i etternamn som Thurburn, Thorbern, Thorebern, Thorber og Thurber.

Torbjørn har norsk namnedag den 5. juni og Torbjörn har svensk namnedag den 9. mars.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Þórbiǫrn er blant dei ti vanlegaste mannsnamna funne i norrøne runeinnskrifter, og namnet var derfor truleg utbreidd i vikingtida. Dei vanlegaste skrivemåtane for namnet var Þurbiurn og Þorbiarn.[1]

Både Torbjørn og Thorbjørn var mykje gjevne til gutebarn på byrjinga av 1900-talet. Thorbjørn var vanlegast først i hundreåret, men bruken tok til å gå ned på 1930-talet. Bruken av Torbjørn har vakse sidan namnestatistikk tok til å førast rundt 1880, og hadde ein topp frå like før 1930 til like etter 1940, då over 0,5 % av nyfødde gutar fekk namnet.

I 2009 var det 7 458 norske menne som heitte Torbjørn og 1649 som heitte Thorbjørn.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wikipedia på bokmål og riksmål oppgav «Nordiskt runnamnslexikon». Arkivert frå originalen 25. februar 2011. Henta 9. mars 2009.