Torborg Nedreaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Torborg Nedreaas (13. november 190630. juni 1987) var ein norsk forfattar frå Bergen.

Ho debuterte 39 år gammal med novellesamlinga Før det ringer tredje gang i 1945. Boka inneheld eit utval av noveller som tidlegare var publiserte i ulike vekeblad. Same år kom også den eigentlege debuten hennar, Bak skapet står øksen.

Ho voks opp i Bergen og ho budde også ei tid på Stord. Siste halvdelen av livet budde ho på Nesodden i Akershus.

Nedreaas var radikal, men ein finn sjeldan ein open politisk agitasjon i bøkene hennar, med unntak av i De varme hendene som inneheld hard kritikk av det norske medlemskapen i NATO. Ho skildra ofte med stor dugleik unge jenter og kvinner sitt sjeleliv, til dømes i Av måneskinn gror det ingenting og Musikk fra en blå brønn.

Bibliografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1945 Før det ringer tredje gang,novellesamling
  • 1945 Bak skapet står øksen, novellesamling (Aschehoug, Oslo)
  • 1947 Av måneskinn gror det ingenting, roman (Aschehoug, Oslo)
  • 1950 Trylleglasset, samling skisser og noveller (Aschehoug, Oslo)
  • 1952 De varme hendene, roman (Aschehoug, Oslo)
  • 1953 Stoppested, novellesamling (Aschehoug, Oslo)
  • 1956 Madame, høyrespel (Sendt i NRK Radioteatret 23.10.1953, instruktør Otto Nes)
  • 1958 Siste stasjon, høyrespel (Sendt i NRK Radioteatret 20.05.1958, instruktør Knut Thomassen)
  • 1960 Musikk fra en blå brønn, roman (Aschehoug, Oslo)
  • 1963 Historien om en liten historie, høyrespel (Sendt av NRK Radioteatret 19. mars 1963)
  • 1964 Skomakeren og hans lest, fjernsynsteaterstykke (Oppført av NRK Fjernsynsteatret 7. desember 1964)
  • 1965 Den siste polka, novellesamling (Aschehoug, Oslo)
  • 1967 Ytringer i det blå, kåserisamling (Aschehoug, Oslo)
  • 1971 Ved neste nymåne, roman (Aschehoug, Oslo)
  • 1978 Det dumme hjertet, samling høyrespel (Aschehoug, Oslo)
  • 1982 Vintervår, essaysamling (Aschehoug, Oslo)

I 1965 sende NRK Fjernsynsteatret Stoppested med manus skrive av Tore Breda Thoresen fritt etter novella med same namn av Nedreaas og i 1975 laga Vibeke Løkkeberg kortfilmen Regn bygd på noveller av Torborg Nedreaas.

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Bøkene hennar har vorte omsette til mellom anna svensk, dansk, engelsk, tysk, fransk, polsk og russisk.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]