Tord André Lien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tord André Lien (fødd 10. september 1975 i Øksnes, Nordland) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han har sete på Stortinget for Sør-Trøndelag fylke sidan 2005.
Lien har studert historie og statsvitskap og er cand.philol. frå NTNU 2003. Han leidde eit team som dreiv med møtebooking via telefon i Norsk Privatøkonomi frå 2003. Han var medlem av Trondheim bystyre 2003–2005, leiar av Trondheim FpU 1997–1999 og Trondheim FrP 1999–2003 og 2008-2009. Frå 2003 til 2005 leidde han Sør-Trøndelag volleyballkrets. Han har også vore volleyballtrenar.
Stortingskomitear [endre]
- 2009–: andre nestleiar i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- 2005–09: medlem i energi- og miljøkomiteen