Tordino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tordino
LocationTordinoRiver.png
Utspring Monti della Laga
- Høgd 1 996 moh
Munning Adriahavet
Land i nedslagsfelt Italia
Lengd 59 km
Middelvassføring 0,85 m³/s
Nedslagsfelt 450 km²

Tordino er ei elv i Abruzzo i Italia. I antikken vart ho kalla Batinus.

Ho spring ut mellom Monte Gorzano og Pelone og etter 58 km munnar ho ut i Adriahavet. Elva renn først gjennom nasjonalparken Gran Sasso og tar så ein boge nordover rundt Monte Bilanciere før ho til slutt renn sørover.

Nær kjelda dannar Tordino fossefalla Fiumata og lenger nede Tordinofalla. Ho renn så gjennom Padula og Caiano, forstadane til Cortino. I høgareliggande område ligg det vassmøller og olivenpresser langs elva. Byen Teramo ligg der Tordino møter Vezzola. Tordino munnar ut i Adriahavet ved Giulianova.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]