Tore Ørjasæter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tore Ørjasæter

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. mars 1886
Skjåk
Død

29. februar 1968 (81 år)
Skjåk

Yrke skribent, lyrikar
Språk norsk, nynorsk

Tore Ørjasæter (fødd 3. mars 1886 i Bråtå i Skjåk, død 29. februar 1968) var ein norsk lyrikar. Ørjasæter debuterte med diktsamlinga Ættar-arv i 1908. Hovudverket er trilogien om Gudbrand Langleite, som er eit episk verk om konflikten mellom å vere bufast og å vere fri, og mellom gammalt og nytt. Spenninga mellom det tradisjonelle bondesamfunnet og eit moderne samfunn, og splitta psykologi er viktige tema i forfattarskapet. Ørjasæter var tidleg ute med å ta i bruk nye retningar innan lyrikken. Han braut med tradisjonell, fast verserytme på sine eldre dagar. Ørjasæter skreiv på nynorsk. Han tok opp den nynorske tradisjonen etter Aasen, Vinje og Sivle, og vart den store vidareføraren av det nynorske skriftspråket og målrørsla.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • 1908 - Ættar-arv – Lyrikk
  • 1910 - I dalom – Lyrikk
  • 1913 - Gudbrand Langleite – Trilogi, fyrste del
  • 1915 - Manns kvæde – Lyrikk
  • 1920 - Bru-millom – Trilogi, andre del
  • 1925 - Skiringsgangen
  • 1927 - Skuggen – Trilogi, tredje del
  • 1932 - Elvesong – Lyrikk
  • 1945 - Livsens tre – Lyrikk
  • 1948 - Christophoros – Skodespel
  • 1949 - Den lange bryllupsreisa – Skodespel