Tore Gjelsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tore Gjelsvik
Fødd7. september 1916
Bodø
Død23. januar 2006
Bærum kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkeoppdagar, geolog
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Tore Gjelsvik (fødd 7. september 1916 i Bodø, død 23. januar 2006) var ein norsk geolog, forskar og direktør for Norsk Polarinstitutt. Under andre verdskrigen spelte han ei sentral rolle i den norske motstandsrørsla.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Gjelsvik var utdanna cand.real ved Universitetet i Oslo. Han vart dr.philos i 1953.

Under den tyske invasjonen av Noreg i 1940 deltok han i kampane i Østfold. Gjelsvik var blant dei første som byrja å organisere motstandsgrupper. I oktober 1940 organiserte han sambandet mellom den første større motstandsgruppa, R-gruppa i Oslo, og kontaktane til denne landet rundt. Han vart sentral i Sivorg, og hadde kontaktar med Milorg og XU. I 1943 vart han medlem av Koordiasjonskomiteen (KK) og etterkvart leiar for sekretariatet. Under den tyske opprullinga av motstandsorganisasjonane i 1944 arbeidde han med å sikre og gjenopprette kontaktnettverka. Han var sentral i kampen mot Arbeidstenesta, der han var pådrivar for ein meir aktiv innsats frå motstandsrørsla og vann gehør for dette. Hausten 1944 var han ein av berre fire gjenverande medlemmar av KK. I januar 1945 vart han nesten teken av Statspolitiet, men klarte å flykte over grensa til Sverige med skotsår i skuldra. Han var kort tid etter tilbake i Noreg, og deltok saman med Alf Sanengen frå KK i [[Hjemmefrontens Ledelse]]. Etterkvart leia han òg sekreteriatet her.

Gjelsvik arbeidde som geologisk konsulent 194552 og statsgeolog 195259. I denne perioden arbeidde han òg for SN. Frå 1960 til han vart pensjonert i 1983 var han direktør for Norsk Polarinstitutt. Han hadde ei sentral rolle i oppbygginga av Norges Hjemmefrontmuseum, og sat i museet sitt råd frå 1962 til staten overtok drifta i 1995.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Oversikt over bergartene i Sunnmøre og tilgrensende deler av Nordfjord – (1951)
  • Metamorphosed dolerites in the gneiss area of Sunnmøre on the west coast of Southern Norway – (1952)
  • The differentiation and metamorphism of the west Norwegian dolerites – (1960)
  • Utforskningen av kontinentalsokkelen i Barentshavet - fra Fridtjof Nansens tid til i dag – (1976)
  • Hjemmefronten – motstandsarbeidets historie (1977)
  • Fram over Polhavet – (1993)
  • Snart kommer vår dag – erindringer fra krigsårene (1999)

Verv[endre | endre wikiteksten]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Gjelsvik mottok òg fleire utanlandske ordenar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]