Tore Nordlie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tore Nordlie
Fødd31. mai 1935
Død12. november 2008 (73 år)
Instrumentbass
Verka sommusikar

Tore Nordlie (31. mai 193512. november 2008) var ein norsk jazzbassist.

Han vart fødd og voks opp i Oslo, og var aktiv i norsk jazz på 1960-talet - og 1970-talet. Nordlie var medlem av Helge Hurum sitt storband og Roger Helvin sine smågrupper frå 1965. Han spelte òg med bl.a. Terje Bjørklund og Karin Krog og var med i Frode Tingnæs sin kvartett i Montreux i 1969. På 1970-talet spelte han bl.a. i Harald Bergersens kvartett og med Erling Wicklund.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Red. (2008). «farvel til...». Jazznytt (6): 37. ISSN 0332-7248.