Tore O. Sandvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tore Onshuus Sandvik 13. juni 2007
Foto: Jarle Vines

Tore Onshuus Sandvik (fødd 31. august 1969), oppvaksen på Kolstad i Trondheim, er ein norsk politikar fra Arbeidarpartiet.

Han er fylkesordførar i Sør-Trøndelag fylke, og vart valt på nytt ved lokalvalet i 2007 etter at Arbeidarpartiet gjekk fram med 10,5 prosentpoeng til 41,3 prosent i fylkestingsvalet i Sør-Trøndelag.

Som fylkesordførar har Sandvik særleg vore oppteken av regional næringspolitikk, og har mellom anna vore med-initiativtakar til næringspolitisk regionalsamarbeid med Kina, og det bedriftsretta programmet «Innflagging Trøndelag». Han har også styrkt samarbeidet mellom styresmakter og NTNU, SINTEF og næringsliv i trøndelagsregionen.

Sandvik var i ein periode frå 2001 statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet, og seinare prosjektdirektør i IT-selskapet Extend AS. Før dette var han ungdomssekretær i LO i Sør-Trøndelag og visepresident i europeisk LO sin ungdomsorganisasjon, ETUC Youth.

Sandvik gav i 2004 ut boka Et nytt nei saman med partifellane Wegard Harsvik, Jo Stein Moen og Anne Marit Bjørnflaten.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tore O. Sandvik