Torfinn Karlsevne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thofinn Karlsevne sin ekspedisjon til Vinland 1=Noreg, 2=Island, 3=Austbygda (Grønland), 4=Vestbygda (Grønland), 5=Helluland (Baffinland), 6=Markland (Labrador) 7=Bjarney (Newfoundland), 8=Vinland (Sankt-Lorenz-Golf)

Torfinn Karlsevne (norrønt Þorfinnr Karlsefni, islandsk Þorfinnur Karlsefni) var ein islandsk handels- og oppdagingsreisande frå Reynistað í Skagafirði. Hovudkjeldene om Thorfinn er Eirik Raudes saga og Grǿnlendinga saga.

Grønland[endre | endre wikiteksten]

Torfinn fór til Grønland for å driva handel. Der overvintra han og gifta seg i 1002 med Gudrid Thorbjarnardottir, enka til Thorstein Eriksson. Rundt 1009 leidde han ein ekspedisjon med tre skip og omtrent 160 kolonistar til ein del av Nord-Amerikas austkyst som Leiv Eiriksson alt hadde nådd fram til rundt år 1000, kalla Vinland av vikingane. Dette namnet kom sannsynlegvis av dei saftige grasgangane (for det er vel ordet vin = grasgang, som går att her)[1]. Ei anna tolking av namnet går ut på at landet vart kalla opp etter vinbæra som skal ha vakse der.

Amerika[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha komme fram vart det bygd ein leir ved ei bukt som Torfinn kalla Straumsfjord, moglegvis Baie des Sept-Îles[2]. Her vart son deira Snorri Thorfinnson fødd den første sumaren; den første europearen fødd i Amerika. Etter ein vanskeleg vinter trekte vikingane vidare sørover den påfølgjande våren. Ved munningen til ei elv stifta dei ein permanent buplass som vart kalla Hóp. I det påfølgjande året byrja dei driva handel med dei innfødde indianarane, som vikingane kalla skrælingar. Dette gjekk bra for ei lita stund, men til slutt gjekk indianarane til åtak på vikingane. Torfinn og mennene hans flykta, men Freydís Eiríksdóttir skjelte ut mennene og kalla dei for feigingar, tok sverdet til ein avdød landsmann og skreik ut til formaning om kamp mot indianarane. Denne blonde vikingkjerringa gjorde så sterkt eit inntrykk på indianarane at dei flykta dei med. Fordi Torfinn ikkje ønskja seg krig, vedtok han å fara attende til Straumsfjord, og enden vart at alle nybyggjarane fór attende til Grønland.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Cappelens Norgeshistorie bd.2 s. 141. 1976.
  2. Dictionary of Canadian Biography Online