Torgeir Eikstad Micaelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Torgeir Eikstad Micaelsen

Torgeir Eikstad Micaelsen (fødd 20. mai 1979 i Bergen) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart valt inn på Stortinget frå Buskerud fylke i 2005 og valt på nytt ved stortingsvalet 2009. Han er utdanna bachelor frå Universitetet i Oslo 1999 og var medlem av Nedre Eiker kommunestyre 1999-2003, leiar av Buskerud AUF 1999-2001, og nestleiar i Buskerud Ap frå 2004 til 2006.

Før Micaelsen vart politikar på heiltid, arbeidde han som lærarvikar 1999-2002 og deretter i underhaldningsbransjen gjennom selskapet Monkeybusiness saman med makker Kristoffer Reinsfeldt Arnesen, også kjent frå NRK P3. I 2004–2005 jobba han som seljar i Norsk Møteforum AS.

Han vart lagt merke til då han i valkampen i 2003 vart slått av FrP-politikaren Martin Schanche for ope kamera ved ein partidebatt ved ein vidaregåande skule i Buskerud. Dette hendte etter at Micaelsen og fleire andre i panelet hadde ropt til Schanche om at han var feig som trekte seg frå debatten før denne var ferdig.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]