Torghatten

Koordinatar: 65°23′53.2″N 12°5′30.7″E / 65.398111°N 12.091861°E / 65.398111; 12.091861
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°23′53.2″N 12°5′30.7″E / 65.398111°N 12.091861°E / 65.398111; 12.091861

Torghatten ein dag i februar.
Torghatten frå sør, sommarstid.

Torghatten er eit fjell sørvest i Brønnøy kommune. Det er, som namnet ymtar om, forma som ein hatt, men det viktigaste kjenneteiknet med fjellet er at det har eit digert firkanta hòl tvers gjennom seg.

Hòlet i Torghatten[endre | endre wikiteksten]

Hòlet er 35 meter høgt, 20 meter breitt, og går 160 meter gjennom fjellet. Det er sti opp dit, og det er mogleg å gå gjennom hòlet.

Folketruforklaring[endre | endre wikiteksten]

Segna om Torghatten seier at det var trollet Hestmannen som laga holet. Hestmannen hadde blitt forgapt i den fagre Lekamøya då han såg henne og sju systrer bada saman. Han rei sørover for å røva henne med seg, men jentene fekk auge på han og flykta. Dei sju systrene trøytna etter ei stund og slengde seg ned nær Alstahaug, der dei blei til stein, men Lekamøya sprang vidare.

Då Hestmannen vart klar over at han ikkje ville få tak i jenta, la han ei pil i bogen sin og skaut etter henne. Kongen av Sømna, som hadde følgd med på hendingane, kasta hatten sin framfor pila for å berga møya. Hatten med pilhòlet vart til fjellet me ser i dag.

Holet i Torghatten

Geologisk forklaring[endre | endre wikiteksten]

Torghatten er laga av ulike bergartar, og dei øvre er hardare enn dei som finst lengre nede i fjellet. Under istida grov is og vatn seg gjennom det lause berget, medan det harde fekk stå i fred. Hòlet er altså ein slags U-dal med lok.