Torghatten ASA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torghatten ASA
Org.formAksjeselskap
Org.nr.916819927
BransjeKollektivtransport, sjøfart, luftfart, transport
Skipa1878
Forgjengar(ar)Fosen Trafikklag
DotterselskapBastø Fosen AS, Torghatten Midt, Torghatten Nord, Connect Bus Nord, Connect Bus Norge, Connect Bus Trønderbilene, Connect Bus Sørlandsruta, Torghatten Trafikkselskap, Fosen Trafikklag
HovudkontorBrønnøysund
LandNoreg
Adm.dir.Roger Granheim (2019)
Nettstadhttp://www.torghatten.no

Torghatten ASA (tidlegare Torghatten Trafikkselskap ASA er eit transportkonsern som driftar bussar, ferjer og snøggbåtar i store delar av landet, særleg i Trøndelag og Nord-Noreg. Selskapet vart skipa i 1878 og hadde ved utgangen av 2004 driftsinntekter på over 1,2 milliardar kroner og 2358 tilsette. Konsernsjef er Brynjar Forbergskog. Hovudkontoret ligg i Brønnøysund, og har teke namnet sitt etter det vidgjetne fjellet Torghatten som ligg i Brønnøy kommune.

Dei største dotterselskapa til firmaet er Fosen Trafikklag, Bastø Fosen, FosenNamsos Sjø, Kystekspressen, Torghatten Trafikkselskap AS, TTS bil & dekksenter, Trønderbilene, Sørlandsruta, Norgesbuss (oppkjøpt i 2004) og Torghatten Nord AS (oppkjøpt frå Hurtigruten ASA i 2008.)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]