Torgslaget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torgslaget oppstod da den svenske statthaldaren, grev Baltzar von Platen, sette kavaleri inn mot borgarar og studentar 17. mai 1829. Fargelagd penneteikning av literat Reimers frå Nasjonalbiblioteket

Torgslaget var ei hending som oppstod da den svenske statthaldaren Baltzar von Platen sette kavaleri inn mot borgarar og studentar i Christiania den 17. mai 1829, då dei var samla på Stortorget framfor Vår Frelsers kyrkje, i dag Oslo domkyrkje.

Bakgrunnen for hendinga var at kong Karl Johan hadde forbode feiring av den norske grunnlovsdagen. I 1827 hadde det vore omfattande feiring av dagen i Christiania og året etter sende kongen ut forbod mot feiringa.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I nokre veker fram mot 17. mai dette året hadde det vore delt ut løpesetlar med nasjonale songar og slagord i Christiania. På Akershus festning skjøna statthaldaren at noko var ved å hende, og spaninga steig fram mot den 17.[1]

På denne tida åtte Noreg to dampskip, det eine heitte DS «Prinds Carl», det andre DS «Constitutionen». Nett dette siste var meint å lande på hamna inne i Bjørvika klokka seks om ettermiddagen den 17. Med det namnet kunne styresmaktene rekne med bråk, og freista å sabotere båten utan å lukkast. Skipet kom som planlagt.

Nett denne dagen var ein god og klar dag med godt ver, og attpåtil ein sundag. Mange folk, vanlege borgarar, studentar og gategutar gjekk ned til brygga for å sjå båten kome inn. Nett då båten la til, vart det ropt «Leve Constitusjonen!» frå Toldbodkaia. Det var Henrik Wergeland, Wilhelm Borchsenius, George Frederik von Krogh og Johan Sebastian Welhaven som ropa.[1] Folk tok oppatt ropet, og byrja synge frå dei løpesetlane og songhefta dei hadde fått, mellom anna «for Norge Kjæmpers Fødeland».

Politistyrken i byen var på tolv mann, men var styrkt av nokre sivile friviljuge som var ute i mengda. Folkemengda samla seg spontant og gjekk opp til stortorget i byen, og der heldt dei seg utover kvelden. Politifolka råda dei som var samla til å gå heim, for nett denne dagen var det portforbod. Ingen gjekk. Rundt på torget var det lagt opp brustein til ny legging, og desse låg i store haugar. Baron Ferdinand Carl Maria Wedel-Jarlsberg gjekk ikring i embetsdrakta si, og Henrik Wergeland gjekk stilt ikring og væra stemninga. Folk var framleis oppmoda om å kome seg heim. Ein drukkenbolt vart teken inn til avhøyr av di nokon hadde skrive «Leve 17. mai» på hatten hans, men han kunne ikkje gjere greie for seg og vart sloppen laus.

Inne på festninga var stemninga uroleg då meldingane kom om den samla folkeviljen. Statthaldaren von Platen valde då å setje inn kavaleri og fotjegerar frå festninga. Kavaleriet kom brått og uventa inn på plassen og reid folk ende ned. Mange fann ly i oppgangar og ved kyrkja, medan andre klatra opp på haugane med brustein. Fotjegarane kom etter med skarpe skot, men som lykka var vart det ikkje skote på folk. Dei handsama børsekolbane sine som slagvåpen, og mange vart skamslege. Wergeland kom frå det med eit rapp frå ein ryttarsabel over ryggen på studentuniforma han sjølv hadde sydd.

Om lag på denne tida kom dei betrestilte borgarane til og undra seg på kva som hende. Fotjegarane var så oppøste no at dei ikkje såg kven dei slog til, og mange av desse fekk òg juling. Ein sakførar vart så skamslegen at han knapt evna gå dei neste to vekene.

Ut på kvelden vart mange tekne inn til avhøyr, og laut greie ut om kva til taler som var haldne i høve dagen, kva for skålar som var drukke, og kva for songar som var sunge. Henrik Wergeland sende uniforma si med petisjon til rådstua i byen med klage på at uniforma var krenkt. Sjølve brevet vakte allmenn latter på rådstua, men Wergeland laut inn til avhøyr. Der var òg eit av søskenbarna hans, som gav att det dei som sat der valde å stryke frå rapporten, mellom anna det at Baronen, i følgje Wergeland, ikkje hadde vore heilt nykter den gjeldande dagen. Då dei spurde om alderen hans svara Wergeland: «Jeg er født seks år før den norske konstitusjon. Jeg regner med at de herre husker når den ble skrevet!» Dette svaret, og soga om uniforma, gjorde Wergeland til folkehelt og eit symbol på 17. mai.

Elles vart det mykje arg avisskriving i månadene etter, og stemninga i Noreg var så spent at Carl Johan laut trekkje forbodet sitt attende. Gjetordet om hendinga gjekk landet rundt, og hatet mot den svenske statthaldaren auka kraftig utetter sommaren. Enden på visa var at kongen gav etter og let nordmennane høgtide 17. mai som dei ville.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Odd Arvid Storsveen (2004): «Baron Blod i virkeligheten. Torgslaget 1829 i perspektiv» – FORTID. Historisk studenttidsskrift (UiO), nr. 1, s. 6-13, arkivert utgåve