Toril Marie Øie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toril Marie Øie

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juli 1960 (63 år)
Oslo
Yrke dommar
Verv Høgsterettsjustitiarius
Periode 2016-
Føregangar Tore Schei
Toril Marie Øie på Commons

Toril Marie Øie (fødd 17. juli 1960 i Oslo) er ein norsk jurist som vart høgsterettsjustitiarius den 1. mars 2016.[1] Øie er den første kvinna i stillinga.[2]

Øie tok juridisk embetseksamen i 1986. Ho arbeidde i Justisdepartementets lovavdeling frå 1986 til ho tiltredde som høgsterettsdommar 15. august 2004, avbrote av ein periode som dommarfullmektig ved Strømmen sorenskrivarembete i perioden 1988 til 1990.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Offisielt fra statsråd 19. februar 2016». Regjeringa. 19. februar 2016. Henta 20. februar 2016. 
  2. «Toril Øie ny leder for Høyesterett». Aftenposten. 19. februar 2016. Henta 20. februar 2016. 
  3. «Toril Marie Øie, Høyesterettsdommer». Noregs Høgsterett. Henta 20. februar 2016.