Torild Wardenær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Torild Wardenær
Torild Wardenær.jpg
Torild Wardenær
Nasjonalitet Norsk
Fødd 30. november 1951 (63 år), Stavanger[1]
Yrke Forfattar
Periode 1994-
Debut I pionertiden
Nettstad torildwardenaer.no

Torild Wardenær (fødd 30. november 1951 i Stavanger)[2] er ein norsk lyrikar og dramatikar.

Ho debuterte i 1994 med diktsamlinga I pionertiden og har sidan skrive sju diktsamlingar til.[3] I tillegg har ho gjendikta poesi av James Tate til norsk og skrive dramatikk.

Wardenær er utdanna allmennlærar og cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap, og ho gjekk årskurset ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1993/94.[4] Ho arbeidde som adjunkt i grunnskulen i Stavanger frå 1982 til 1997.[5] Frå 1997 har ho vore forfattar på heiltid og i tillegg vore gjestelærar ved forfattarutdanningane ved Høgskulen i Telemark (Bø i Telemark) og Universitetet i Tromsø og ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.[5]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1994 – I pionertiden – diktsamling
  • 1995 – Null komma to lux – diktsamling
  • 1997 – Houdini til minne – diktsamling
  • 1998 – Døgndrift – diktsamling
  • 2001 – Titanporten
  • 2004 – Paradiseffekten – diktsamling
  • 2007 – Psi – diktsamling
  • 2011 – Mens Higgsbosonet gnager – diktsamling
  • 2013 – Passord: kairos – diktsamling

Gjendikting[endre | endre wikiteksten]

  • 2000 – James Tate: Gnomens liksvøp og andre dikt

Dramatikk[endre | endre wikiteksten]

Prisar og heider[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Steinar Sivertsen, Sylvelin Vatle, Finn Øglænd (red., 1999) «Forfattarane» – i: Stemmer frå Rogaland, s. 211 – Det Norske Samlaget, Oslo.
  2. «Torild Wardenær». forfatterkatalogen.no. Vitja 4. april 2012.
  3. «Wardenær, Torid». Nettstaden til Aschehoug & co.. Vitja 4. april 2012.
  4. «Tidlegare studentar». Nettstaden til Skrivekunstakademiet i Hordaland. Vitja 4. april 2012.
  5. 5,0 5,1 «Torild Wardenær Curriculum Vitae». torildwardenaer.no. Vitja 4. april 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]