Torill Kove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Illustrasjon av Torill Kove frå barneboka Johannes Jensen føler seg annerledes av Henrik Hovland (2003).

Torill Kove (fødd 25. mai 1958 på Hamar) er ein Oscar-heidra norsk-kanadisk animasjonsfilmskapar og barnebokforfattar som sidan 1980-talet har vore busett i Montreal i provinsen Québec i Canada. Ho vann i 2007 ein Oscar for kortfilmen Den danske dikteren (2006).

Kove flytta til Canada i 1982 for å halde fram utdanninga si i byplanlegging i Canada. Etter ei stund bestemte ho seg å skifte studium, og byrja i staden å studere animasjon ved Concordiauniversitetet i Montreal. Ho har laga fleire filmar, skrive og illustrert barnebøker og skrove kortfilmmanus. Ho har mellom anna illustrert bøkene om Johannes Jensen, som er skrivne av Henrik Hovland.

Med unntak av den Den danske dikteren er ho mest kjend for kortfilmen og barneboka Min bestemor strøk kongens skjorter, som blei produsert med støtte frå den kanadiske statens National Film Board of Canada og Noreg sitt Studio Magica i Oslo. Filmen blei nominert til Oscar for beste aminerte kortfilm i 1999. Han er ein elleve minuttar lang film om filmskaparen si eiga bestemor, som i eit langt liv strauk skjortene til kong Haakon VII. Filmen fortel på sin måte om monarkiet i Noreg, om korleis nordmennene fann seg ein ny konge i 1905, og om den andre verdskrigen. Då starta bestemora nemleg motstandsrørsla Skjortegeriljaen, etter at ho mista jobben som kongen sin skjortestrykar og måtte byrje å stryke fienden sine uniformer.

I februar 2007 vann Kove Canadas Prix Genie Award i kategorien for beste animerte kortfilm Den danske dikteren. Under den 79. Oscar-utdelingen seinare same månad vann ho sin første Oscar i kategorien «beste animerte kortfilm» for same film. Som Min bestemor strøk kongens skjorter blei Den danske dikteren produsert med støtte frå Canadas National Film Board of Canada og Noreg sitt Mikrofilm AS.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Min bestemor strøk kongens skjorter – barnebok

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • Den danske dikteren:
    • Oscar-vinner (2007), beste animerte kortfilm
    • Canadas Prix Genie Award, nominasjon i kategorien for beste animerte kortfilm
    • Amandaprisen-nominasjon for beste kortfilm

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]