Torill Selsvold Nyborg
Torill Selsvold Nyborg (fødd 23. februar 1951) er ein norsk politikar som representerer Kristeleg Folkeparti.
Nyborg er oppvaksen i Ålvik i Kvam i Hardanger. Ho var misjonær i Arequipa i Peru frå 1977 til 1982.
I 1995 til 1999 gjekk ho inn i Hordaland fylkesting som leiar for kultur- og helseutvalet. I perioden 1999 - 2003 var Nyborg fylkesvaraordførar i Hordaland. Ho vart vald til fylkesordførar i fylket fyrste gong frå 2003 - 2007, då ho avløyste Gisle Handeland. Med dette vart Nyborg den fyrste kvinnelege fylkesordføraren i Hordaland, og den fyrste i stillinga som representerte KrF. Tom-Christer Nilsen var fylkesvaraordførar i denne perioden. Nyborg vart attvald frå 2007-2011, framleis med Nilsen som fylkesvaraordførar. Etter valet i 2011 er ho gruppeleiar for KrF på fylkestinget.
Torill Selsvold Nyborg har engasjert seg sterkt i kampen for større regionar, og har vore leiar av Vestlandsrådet. Ho tok i 2005 imot Øyvind Heitmann frå Republikken Gulating som også arbeider for sterkare sjølvstyre på Vestlandet. Ho er også kjend for sitt arbeid for ei ny jarnbane i Hordaland, t.d. frå Bergen til Norheimsund.
Ved stortingsvalet 2005 vart Nyborg vald som 2. vara til Stortinget for Hordaland KrF.
Torill Selsvold Nyborg er gift med Geir Magnus Nyborg, kjend frå skipinga av Kystradioen og Familier & Medier. Ho er busett på Bildøy i Fjell kommune på Sotra.
| Føregjengar Gisle Handeland |
Hordalands fylkesordførar 2003–2011 |
Etterfylgjar Tom-Christer Nilsen |
Kjelder og bakgrunnsstoff [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Torill Selsvold Nyborg» frå Wikipedia på bokmål, den 11. august 2009.
- Liste over Fylkesordførarar dei siste to periodane frå Wikipedia på bokmål.
- Fylkesordføraren si nettside på www.hordaland.no.
- Nyborg sin profil på Stortinget.no.
- Stanley Hauge: Torill Selsvold Nyborg ny fylkesordførar i Hordaland.
- Nrk.no: Fylkesordføreren blir sittende.