Torlaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Torlaug er eit norsk kvinnenamn sett saman av det norrøne gudenamnet Tor og namneendinga -laug, som truleg tyder 'vigd til'. Den gamle norrøne forma, Þorlaugr, var eit mannsnamn. Torlaug har norsk namnedag den 27. november.

Namnet finst tradisjonelt også med skrivemåtane Tallaug og Tollaug i Noreg, Torlög i Sverige, Þórlaug på Island og Torleyg på Færøyane. Torleyg kan også vera eit mannsnamn. Moderne nærskylde mannsnamn på islandsk er Þorlaugur og Þórlaugur.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Det er 194 kvinner som heiter Torlaug i Noreg (SSB, 2008).

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]