Torleiv Hannaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torleiv Hannaas

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juli 1874
Hornnes
Død

19. november 1929 (55 år)
Fana

Yrke lingvist, filolog, professor
Torleiv Hannaas på Commons

Torleiv Hannaas (14. juli 187419. november 1929) frå Hannås i Hornnes var norsk filolog og folklorist.

Han tok utdanning i vaksen alder: lærarskule, artium og etter kvart cand.phil..

Hannaas gjorde eit stort innsamlingsarbeid av folkeminne og målprøvar, men lite av det vart gjeve ut i hans tid. Han var statsstipendiat frå 1914 og professor i vestlandsk målgranskning ved Bergens Museum frå 1918. Hannaas skipa i 1921 Folkeminnesamlingi ved Bergens Museum, og var leiar (og einaste tilsette) ved samlinga. Han vart etterfølgd av Gustav Indrebø.

Han var leiar for Noregs Mållag 1926–29. Han var den fyrste redaktøren av høgnorskorganet Norsk Aarbok frå 1920 til han døydde, og har fått æra for å ha introdusert omgrepet høgnorsk i ein artikkel i 1922. Han omsette òg delar av sogelitteraturen til nynorsk. Torleif Hannaas si nynorske boksamling på om lag 2500 band vart kjøpt av Bergens museum i 1932. Hannaas samla på alt som fanst av nynorsk litteratur før 1929. Om boksamlinga vart det sagt at Hannaas «var kjent som en av Norges ivrigste og kunnskaps-rikeste boksamlere. Alt tidlig begynte han å samle på alle trykk på norske bygdemål og landsmål, og det blev hele livet det centrale i hans bibliofile interesser; men snart strakte disse sig ut til heleden eldre norske og danske litteratur. Han tok sitt arbeide grundig; besökte og ransaket næsten alle eldre trykkerier, små og store, i Norges land. På denne måte kom han i besittelse av en samling av ukjente og upåaktede trykksaker, hvis make ingen privatmann er i besiddelse av.»[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Maallære og ordtøke fraa Vest-Agder fra fyrste helvti av 1600-talet. 1911
  • Ordsamling fraa Robyggjelaget fraa slutten av 1600-talet . 1911
  • «Johannes Skar». I: Syn og Segn. 1914
  • Christen Jensøns Den norske dictionarium eller glosebog. 1915
  • «Hans Ross : nokre minneord». I: For bygd og by, 1915
  • Hardingfela . 1917
  • «Helge Væringsaasen» . I: Bygd og by, 1916 (Og i Jol 1917)
  • Vestmannalaget i femti aar : 1868 - 21de januar - 1918. 1918
  • Folkemaal og folkemaals-gransking : fyrste-fyrelesing ved Bergens museum 18. oktober 1918. Bergens Tidende, 1918 (Og som særprent. Og i Syn og Segn 1919)
  • «Folkevisor fraa Sætesdal». I: Norsk Aarbok 1921
  • Henrik Wergeland og den norske maalreisingi. 1922
  • «Vestegde-målet» I: boka Norske bygde, bd 2
  • Sogur frå Sætesdal, etter Olav Eivindsson Austad. 1927. (Ny utg. 1989 ISBN 82-991990-1-8)
Om han
  • Alver, Brynjulf. Torleiv Hannaas og hans arbeid med folkedikting. Universitetsforlaget, 1954

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sitat frå Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen, 1932, jfr https://runeberg.org/bokobibl/1932/0156.html