Tormod Torfæus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thormod Torfæus

Tormod Torfæus (27. mai 163631. juli 1719), òg kjend som Þormóður Torfason, var ein islandsk-norsk historikar. Han levde heile sitt vaksne liv i KopervikKarmøy i Noreg.

Torfæus vart utnemnd til kongeleg historikar av kongedømet Danmark-Noreg. Torfæus gjorde mykje for å berga gamle manuskript frå mellomalderen og var ein av dei første historikarane i nyare tid. Han omsette fleire islandske tekstar til dansk og forfatta Historia Vinlandiœ Antiquœ (1705); Grœnlandia Antiqua ([706); og Historia Rerum Norvegicarum (1711). Hans noregssoge på latin vart utgjeven i fire band og var den første omfattande presentasjonen av norsk historie sidan Snorre Sturlasson si Heimskringla1200-talet. Verket vart omsett til norsk og utgjeve på nytt i 2005.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tormod Torfæus vart fødd på Engey på Island i 1636 og vart utdanna på Københavns Universitet. I 1660 fekk han arbeid som kongeleg omsetjar av «islandske antiquiteter», det vil seia mellomaldermanuskript frå Island. I 1664 utnemnde kong Fredrik III av Danmark-Noreg han til ‘stiftamtskriver’ i dåverande Stavanger stift og i 1682 til kongeleg histograf for Noreg. I 1665 gifta han seg med den rike enkja Anna Stangeland frå Kopervik. Ho kom frå Stavanger og hadde eigedomar der. Dei fekk ikkje barn saman, men det er påstått at Torfæus hadde fleire etterkomarar utanom ekteskap.

Torfæus hadde eit hissig sinnelag. Etter eit forlis utanfor Skagen i Danmark i 1671 reiste han vidare til Samsø. Der kom han i krangel med ein annan gjest i eit vertshus og tok livet av han med ein kårde. For dette drapet fekk Torfæus ein dødsdom, men sidan det var gjort i sjølvforsvar, søkte han om nåde. Han fekk nåde av dansk Høgsterett. Torfæus engasjerte seg for andre menneske, og i 1680 berga han ei uskuldig norsk kvinne som var dømd til å verta brend som heks.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]