Tornado

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tornado i Wisconsin, USA, 2005.
Ein okkludert mesosyklon-tornado.

Ein tornado eller ei skypumpe er ei kraftig roterande luftsøyle som stig ned frå cumulonimbusskyer (toreskyer), eller i sjeldne tilfelle cumulusskyer, og ned til bakken. Tornadoar har mange forskjellige former, men er ofte synleg som ei smal, trektforma sky, der den smale enden av «trekta» tar nedi bakken. Ofte vil ein òg sjå ei sky av avfall som krinsar rundt den nedre delen av tornadoen.

Ein gjennomsnittstornado har vind mindre enn 50 m/s (175 km/h), er om lag 100–200 meter brei og flyttar seg eit par kilometer i løpet av nokre minutt før dei døyr ut. Dei kraftigaste tornadoane kan derimot ha vind over 130 m/s (480 km/h), vere meir enn 1,5–2 km brei og flytte seg over 100 km på nokre timar.

Dei har vore observert på alle kontinent utanom Antarktis, og ein stor del av dei kraftigare tornadoane oppstår i USA på grunn av den unike topografien og vêrforholda som gjev gode vilkår for utvikling av tornadoar her. Storbritannia er det landet som i snitt har flest tornadoar i løpet av eit år, men desse er som regel små og relativt ufarlege. Sambandsstatane kjem på andreplass (sjå Klimatologi). Andre delar av verda som jamleg har tornadoar er Australia, sørlege område av det sentrale Canada, Nordvest-Europa, austlege og sørlege område av det sentrale Asia, austlege delar av det sentrale Sør-Amerika og det sørlege Afrika.

Ordet «tornado» kjem av det spanske ordet tronada som tyder 'torevêr', og som opphaveleg vart brukt i Nord-Afrika om dei sterke vindbyene som ofte følgde slike uvêr. Tronada kjem igjen av det latinske ordet tronar, tore. Andre ord for tornado er trombe (ofte om høvevis svake tornadoar) og skypumpe (tornado som oppstår over vatn). Men desse orda vert ofte brukte om kvarandre.
       Ein støvkvervel er ein kvervelvind som motsett ein tornado vert utvikla frå bakken og opp, og som ikkje heng saman med nokon cumulus eller cumulonimbus. Støvkvervlar er oftast relativt små og svake.

Definisjonar[endre | endre wikiteksten]

Ei trektforma sky.
Ei skypumpe nær Florida Keys.

Ein tornado treng ikkje nødvendigvis vere synleg, men det låge lufttrykket skapt av den kraftige vinden (sjå Bernoulli-prinsippet) gjer at vassdamp kondenserer til ei synleg «trektforma kondenssky».

Ein trombe i Nebraska i mai 2004.

Ei «trektforma sky» er eit roterande nedheng frå ei toresky, men utan at ein har kraftig vind på bakken. Dette er ikkje tornadoar, men tornadoar startar ofte i frå slike nedheng. På avstand kan det av og til vere vanskeleg å sjå skilnad på slike trektforma skyer og tornadoar. Mange tornadoar produserer derimot kraftig vind på bakken eit godt stykke unna sjølve tornadoen.

Kraftigare tornadoar kan av og til ha fleire kvervlar eller søyler med roterande luft rundt eit felles senter. Ein «satellittornado» er derimot ei uttrykk brukt om ein svakare tornado som er danna i nærleiken av ein stor og kraftig ein. Desse varar ofte ikkje lenger enn eit par minutt og krinsar rundt den større tornadoen (derfor namnet).

Ei «skypumpe» er ein tornado over vatn. Desse treng ikkje oppstå i samband med roterande toreskyer, og kan og oppstå frå «vanlege» cumulusskyer. Dei er ofte svakare enn klassiske tornadoar (vanlegvis F0 eller F1 på Fujitaskalaen). Flyttar ei skypumpe seg over land fører det vanlegvis ikkje til store skadar, og dei løyser seg opp i løpet av få minutt. Men kraftigare skypumper kan derimot oppstå frå superceller og føre til store øydeleggingar om dei flyttar seg inn på land. I tillegg kan kraftige tornadoar flytte seg utover vatn og bli skypumper utan at dei mistar intensiteten.

Ei trombe er ein mykje svakare kvervel, og er ofte berre synleg i områda nær bakken der dei kvervlar opp støv og avfall. Sjølv om dei er svakare enn vanlege tornadoar kan dei føre til alvorlege skadar.

Ein «støvkvervel» (eller «dust devil») er ei roterande luftsøyle. Dette fenomenet liknar tornadoar, men er sjeldan kraftigare enn sjølv dei svakaste tornadoane, og kan ofte dannast under klår himmel. Av og til kan dei derimot medføre øydeleggingar, spesielt i tørre område.

Ein sekvens som viser utviklinga av ein tornado.

Livssyklus[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste tornadoar følg same utviklinga frå dei oppstår til dei døyr ut. Det heile startar med at ei kraftig toresky utviklar ein roterande mesosyklon eit par kilometer opp i atmosfæren, og blir ei supercelle. Når regnet i toreskya aukar på, drar den luft med seg nedover mot bakken. Denne kraftige luftstraumen akselererer når den kjem ned mot bakken og drar den roterande mesosyklonen med seg nedover. Når mesosyklonen nærmar seg bakken oppstår det ei synleg trektforma sky som søkk nedover frå skybasen. Dette skjer samtidig med at den kraftige luftstraumen har nådd bakken og skapar kraftig vind her, ofte eit godt stykke unna sjølve nedslagsfeltet. Vanlegvis er tornadoen i gang eit par minutt etter at denne luftstraumen har nådd bakken.

I starten får tornadoen tilført energi ved at varm og fuktig luft strøymer inn i den, og den veks til den er fullt utvikla. Då kan den vare frå eit par minutt til eit par timar. Samtidig vil lufta som opphavleg sokk ned frå lufta i lag med regnet byrje å omringe tornadoen, og stoppar tilførsla av varm og fuktig luft. På dette stadiet byrjar tornadoen og svekkast. Tornadoen blir tynnare og tynnare og vinden på overflata kan forme tornadoen i meir ujamne mønster.

Samtidig som tornadoen er I ferd med å døy ut, blir ofte mesosyklonen svekka i tillegg. Men i kraftige superceller kan prosessen starte på nytt. Når den første mesosyklonen er i ferd med å forsvinne, kan luft som strøymer inn i andre område av supercella danne ein ny mesosyklon og ein ny tornado kan oppstå. Av og til kan den gamle, eller «okkluderte», og den nye mesosyklonen danne tornadoar samtidig.

Dette er ein fullt ut akseptert teori for korleis dei fleste tornadoar blir danna og døyr ut. Den forklarar derimot ikkje korleis trombar, langvarige tornadoar eller tornadoar med fleire kvervlar oppstår.

Karakteristikk[endre | endre wikiteksten]

Ein kileforma tornado, om lag 1,5 km brei
Ein tornado i ferd med å løyse seg opp. Dei horisontale linjene i framgrunnen er kraftlinjer.
Desse to bileta er tatt om lag samtidig av same tornado. Det eine er tatt med sola i ryggen, medan det andre er tatt mot sola.

Form[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste tornadoar har den karakteristiske smale trektforma, og kan vere eit par hundre meter brei med ei sky av avfall nær bakken. Tornadoar kan derimot ha mange forskjellige former.

Små og relativt svake tornadoar, som trombar, er berre synleg som ei roterande sky av støv og avfall nær bakken. Sjølv om den trektforma skya ikkje når heilt ned til bakken, blir det rekna for å vere ein tornado visst vinden er større enn 18 m/s (64 km/t).

Store og kraftige tornadoar har ofte ei kileform. Desse kan vere så breie at dei ser ut som ein mørk vegg av skyer. På avstand kan det av og til vere vanskeleg for sjølv erfarne observatørar å sjå skilnaden på lågthengande skyer og ein kileforma tornado. Tornadoar som er i ferd med å døy ut er ofte smale og kan svinge att og fram på veg opp mot skya.

I tillegg kan tornadoar vere heilt dekte av regn eller støv. Desse tornadoane er spesielt farlege sidan sjølv erfarne meteorologar kan ha problem med å oppdage dei.

Storleik[endre | endre wikiteksten]

I USA blir ein gjennomsnittstornado rekna for å vere 150 m brei, og flytte seg om lag 8-10 km. Svake tornadoar, eller kraftige tornadoar som er i ferd med å løyse seg opp, kan vere svært smale, av og til berre eit par meter. På den andre enden av skalaen har ein kileforma tornadoar som kan vere over 1 km breie. I mai 2004 blei Nebraska i USA råka av ein tornado med breidde på heile 4 km.

Den tornadoen som ein reknar med har flytta seg lengst er Trestatstornadoen (Tri-State Tornado) som råka delar av Missouri, Illinois og Indiana og som flytta seg 352 km. Ein veit derimot ikkje om dette var den same tornadoen, eller om det var fleire tornadoar som oppstod frå same toresky. I moderne tid er ein tornado som råka North Carolina i november 1992 den som har flytta seg lengst, med 260 km.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Tornadoar kan ha mange forskjellige fargar avhengig av kor dei oppstår. I tørr luft kan dei vere nesten usynlege, berre synleg på grunn av roterande avfall nær bakken. Tornadoar som tar opp lite støv og avfall har ofte ein kvit- eller gråaktig farge. Skypumper er ofte svært kvite og av og til blå. Tornadoar som tar opp mykje avfall og støv er vanlegvis mørkare. Visst jordsmonnet er raudaktig, får òg tornadoen ein raudaktig farge, medan tornadoar i snødekt landskap ofte blir heilt kvite. I tillegg kan sollyset fargelegge tornadoar i forskjellige fargar.

Støv som er kvervla opp av torevêret, kraftig regn og hagl og nattemørket er alle faktorar som kan skjule tornadoar. Tornadoar under slike forhold er spesielt farlege, sidan det berre er radarobservasjonar eller lyden av dei som kan åtvare folk om at dei er på veg. Heldigvis oppstår dei fleste tornadoar i dei regnfrie områda av toreskyene, og om ettermiddagen når det er lyst. I tillegg blir tornadoar om natta ofte lyst opp av lynnedslag

Ved å bruke dopplerradar har ein funne ut at dei fleste tornadoar har eit klårt og roleg sentrum med ekstremt lågt lufttrykk, liknande auget i tropiske syklonar.

Rotasjon[endre | endre wikiteksten]

Tornadoar roterer vanlegvis syklonsk (mot klokka på nordlege halvkule). Storskala lågtrykk roterer alltid syklonsk på grunn av corioliseffekten, men tornadoar er for små til å bli direkte påverka av jordrotasjonen. Om lag 1 av 100 tornadoar roterer antisyklonsk (med klokka) på grunn av at supercelle ein sjeldan gong utviklar antisyklonske rotasjonsceller. Trombar er som regel antisyklonske.

Intensitet og øydelegging[endre | endre wikiteksten]

Døme på skade etter ein F0-tornado. Desse tornadoane kan velte tre og knekke greiner, som vist her. Bygningar slepp vanlegvis frå det utan skadar, men tre som fell ned kan både skade og ta livet av menneske, sjølv om dei er innomhus.
Døme på skadar etter ein F1-tornado. Desse kan skade bilar og campingvogner, i tillegg til mindre skadar på bygningar. Dette svære mobile huset var likevel ikkje tungt nok til at ein F1-tornado ikkje klarte å flytte det.
Døme på skadar etter ein F2-tornado. Desse kan føre til større øydeleggingar på bygningar. Tak kan rivast av og ytterveggar kollapse. I tillegg kan store mengder flygande avfall føre til øydeleggingar. Dette huset, som var dårleg konstruert, mista både taket og fleire ytterveggar.
Døme på skadar etter ein F3-tornado. Her kan tak og innerveggar på murbygningar kollapse. Den beste sjansen for å overleve er å søke tilflukt i kjellaren eller det midterste rommet i huset, sjølv om dette ikkje alltid er nok. F3-tornadoar og oppover er ganske sjeldan, og i USA står dei for berre 6 % av alle tornadoar. Sidan 1980 har dei likevel stått for 75 % av alle menneskeliv som har gått tapt i samband med tornadoar.
Døme på skadar etter ein F4-tornado. Alle bygningar som stikk opp av overflata er sårbare for slike tornadoar. Desse kan fjerne store hus, flytte tog, fly og bilar gjennom lufta.
Døme på skadar etter ein F5-tornado. Desse tornadoane kan skape kolossale øydeleggingar og fjerne alt som kjem i vegen for dei. Det er derimot folk som har overlevd møte med slike tornadoar, trass i at vindstyrken er så kraftig at dei kan fjerne asfalt frå overflata. Dei er heldigvis svært sjeldne.

Tornadoar har forskjellig intensitet avhengig av form, storleik og kor dei oppstår. Kraftige tornadoar er som regel større enn svakare tornadoar. For å rangere tornadoar brukar ein Fujita-Pearson Tornado Intensity Scale:

Klassifikasjon Vindstyrke Skadeverknader
F0 opptil 115 km/h Svake
F1 179 km/h Moderate
F2 251 km/h Store
F3 330 km/h Alvorlege
F4 416 km/h Ekstreme
F5 509 km/h Svært ekstreme

Før dopplerradaren gjorde sitt inntog kunne forskarar berre gjette seg til vindstyrken i tornadoar. Det einaste dei hadde å halde seg til var skadane tornadoane førte til. Enkelte meinte at dei kunne gå over 800 km/h og kanskje til og med ha overlydsfart. På 1950-talet byrja ein derimot å forstå at vindstyrken var mykje lågare enn dette. I 1957 blei ein tornado nær Dallas i Texas filma, og ved å sjå på bilete for bilete av denne filmen estimerte dei vindstyrken til å vere 270 km/h (som seinare ville vore klassifisert som ein F2-tornado). Ut i frå skadane trudde forskarar at vindstyrken hadde vore mykje høgare, så dette førte dei i riktig retning med tanke på kor kraftig vind ein tornado kunne produsere.

I 1971 introduserte Dr. Tetsuya Theodore Fujita ideen om ein skala for vindstyrken i tornadoar. Med hjelp av kollegaen Allen Pearson laga han det som blir kalla Fujitaskalaen i 1973. Skalaen var basert på forholdet mellom Beaufortskalaen og skalaen for Mach-talet. F1 på skalaen fell saman med B12 på Beaufortskalaen, medan F12 fell saman med lydfarten ved havnivå. I praksis bruker ein berre F0 til F5 for alle tornadoar.

TORRO-skalaen blei utvikla av Tornado and Storm Research Organisation (TORRO) i 1974. Denne skalaen har tolv nivå og har mindre intervall for vindstyrken enn Fujitaskalaen. Den går frå T0 for dei aller svakaste tornadoane til T11 for dei kraftigaste tornadoane ein kjenner til.

Det har vore diskutert om ein treng TORRO-skalaen når ein alt har Fujitaskalaen, men for statistiske føremål kan det vere nyttig og ha fleire nivå for styrken til tornadoar. Ofte kan det derimot vere vanskeleg å fastslå kor på TORRO-skalaen ein tornado høyrer heime, med mindre ein har dopplerradarmålingar.

Forsking på 1980- og 90-talet kom fram til at sjølv med Fujitaskalaen, blei vindstyrken til tornadoar ofte overestimert, særleg når det gjaldt svært kraftige tornadoar. På grunn av dette innførte American Meteorological Society den såkalla betra Fujitaskalaen (Enhanced Fujita Scale) for å knyte meir realistiske vindstyrkar til øydeleggingar skapt av tornadoar. Forskarane har designa den nye EF-skalaen slik at tornadoar havnar på same nivå på begge skalaer, men der F-skalaen i teorien går heilt opp til F12 går den nye EF-skalaen berre opp til EF5, som er definert som vind over 320 km/h. I USA blir den nye EF-skalaen tatt i bruk 2. februar 2007.

Den første observasjonen som viste at det var mogeleg med vindstyrke på F5 skjedde 26. april 1991. Ein tornado i Oklahoma blei følgd av forskarar med ein flyttbar dopplerradar som kan måle farten til vinden. På det sterkaste målte dei ein vindstyrke på 115-120 m/s (414-432 km/h). Sjølv om radaren hadde ein feilmargin på ± 5-10 m/s (± 18-36 km/h), var dette sannsynlegvis innanfor F5. Åtte år seinare, 3. mai 1999, blei ein annan tornado i Oklahoma følgd av forskarar. Her målte dei ein vindstyrke på 512 km/h (142 m/s), som i teorien er ein F6 tornado. Vinden blei derimot målt 30 m opp i lufta, der vinden vanlegvis er kraftigare enn i 10 meter nivå, som er den vanlege høgda ein måler vindstyrke i. Når ein klassifiserer tornadoar er det berre vindstyrken som er målt ved overflata, eller vindstyrken som øydeleggingane indikerer, som offisielt blir brukt.

Typisk intensitet[endre | endre wikiteksten]

I USA står F0- og F1-tornadoar for om lag 80 % av alle tornadoane, medan tornadoar større enn F4 står for mindre enn 1%. På verdsbasis er talet på kraftige tornadoar enno mindre. Kraftige tornadoar er svært sjeldan utanfor USA og Bangladesh.

Typisk øydelegging[endre | endre wikiteksten]

Ein gjennomsnittleg tornado har vindstyrke på om lag 175 km/h, er om lag 100 m brei og flyttar seg 1,5 km før dei løyser seg opp. To tornadoar som er om lag like kan derimot få ganske så forskjellige følgjer. I tillegg kan to heilt forskjellige tornadoar føre til meir eller mindre dei same øydeleggingane. Dette kjem av at tornadoar kan oppstå på forskjellige måtar, og kan endre seg mykje i løpet av tida dei varar. Mellom 1997 og 2005 mista 38 personar i USA livet av F1-tornadoar og tre mista livet av F0-tornadoar. Så sjølv dei svakaste tornadoane kan vere svært farlege.

  • Svake tornadoar

Som nemnd tidlegare så er dei fleste tornadoar svake (F0 og F1). Svak i denne samanhengen er derimot eit relativt omgrep, og sjølv desse tornadoane kan føre til store øydeleggingar. Svake tornadoar er som regel kortvarige. Sidan 1980 har om lag 75 % av svake tornadoar flytta seg 1,5 km eller mindre. I løpet av denne korte avstanden kan dei derimot gjere både skadar og tar liv. F0-skadar kjem stort sett på overflata av bygningar og vegetasjon. Solide bygningar kjem vanlegvis fint i frå det, men kan av og til få knuste vindauge. Store skilt kan derimot velte, medan tre kan miste greiner og i verste fall velte. F1- tornadoar har ført til langt fleire dødsfall enn F0-tornadoar. Desse kan øydelegge campingvogner og andre lette bygningar, i tillegg til at bilar og andre køyretøy kan blese av vegen. Tak kan blese av bygningar.

  • Alvorlege tornadoar

F2- tornadoar er kraftigare enn dei fleste tropiske syklonar (tropiske syklonar råkar derimot mykje større område). Bygningar kan få store skadar, som til dømes at taket kan blese av og ytterveggar kan kollapse. Køyretøy kan bli løfta frå bakken, og små lekamar kan bli som missil og skape store øydeleggingar utanfor hovudretninga til tornadoen. I skogområde kan ein stor del av trea knekke eller rotvelte.

F3-tornadoar er svært farlege for liv og helse. Det er ikkje mykje igjen av bygningar som blir råka. Bilar kan løftast opp frå bakken og kasta avgarde. Skogområde vil miste så godt som all vegetasjon.

  • Kraftige tornadoar

F4-tornadoar fører til at bygningar blir jamna med jorda. Sjølv store køyretøy kan løftast opp i lufta, og store lekamar kan kastast langt avgarde.

F5-tornadoar fører nesten alltid til total øydelegging. Døme på øydeleggingar er vridde skyskraparar, heile landsbyar som er jamna med jorda og asfalt som er rive opp frå bakken.

Klimatologi[endre | endre wikiteksten]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tornadoar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Tornadoar oppstår fleire gongar årleg i Noreg, og er som regel F0- eller F1-tornadoar, men dei kan kortvarig kome opp i F2 styrke. Ein av dei kraftigare tornadoane som er observert i Noreg dei siste åra oppstod i kommunane Aurskog-Høland, Nes og Sør-Odal 2. september 1997. Den hadde ein diameter på 100-200 m, men i eit mindre område var det større skade på skogen i ei breidde på 700-800 m, noko som indikerer ein periode med større diameter og truleg større intensitet (kanskje kortvarig F2). Den gjekk nord-nordaustover med om lag 50 km/h og maksimal vind på 30-40 m/s. Han flytta seg om lag 25-30 km. Tornadoen øydela mange lysstolpar, ein del trafoar og nokre hyttetak.

Ein annan tornado som oppstod året før, 26. august 1996 i Kongsvinger-området førte til enno meir omfattande skade på ein skog.

Andre stadar[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia er det landet med flest tornadoar per areal i verda (om lag 30 i året), men er stort sett svake og fører som regel berre til mindre skadar.

Bangladesh er det landet i verda, i lag med USA, som får dei kraftigaste tornadoane. Men desse får mykje mindre omtale i media. På årleg basis mistar om lag 179 menneske livet som følgje av tornadoar, mange fleire enn i USA. Bangladesh har òg hatt den tornadoen som har tatt flest liv. Det skjedde 26. april 1989 då 1 300 menneske mista livet.

USA har hatt fleire tornadoar enn nokre andre land i verda, og har i tillegg hatt dei kraftigaste. Tornadoane oppstår vanlegvis i Midtvesten, og dette er det området av verda som har flest kraftige tornadoar. Texas er den staten som får flest tornadoar, medan Florida er den staten som har flest tornadoar per areal. Ofte oppstår tornadoane i Florida i samband med tropiske orkanar, men desse er som regel F0 eller F1. Oklahoma er derimot den staten som har flest kraftige tornadoar per areal, medan nabostaten Kansas er den staten med flest F4- og F5-tornadoar. Desse statane har derimot relativt låg folketettleik.

Canada er òg eit land med mange tornadoar, om lag 80–100 kvart år, men sidan Canada har enorme ubebudde område er det sannsynleg at mange tornadoar ikkje blir oppdaga. Dei fleste er F0- eller F1-tornadoar, men det oppstår som regel eit par F2-tornadoar i løpet av eit år. I juli 1987 vart derimot Pine Lake i Alberta råka av ein F4-tornado som tok livet av tolv menneske.

Andre land som har mange tornadoar per areal er Nederland, India, Argentina, Italia, Australia, New Zealand, Tyskland, Estland og delar av Uruguay . Forholdsvis kraftige tornadoar oppstår òg av og til i Russland, Frankrike, Spania, Japan, Sør-Afrika og delar av Pakistan, Paraguay og Brasil. Om lag 170 tornadoar blir observert kvart år i Europa. I juli 2004 vart den litle byen Micheln i Tyskland råka av ein kraftig F3-tornado, som skada seks menneske og øydela meir enn 250 bygningar.

Kor ofte tornadoar oppstår[endre | endre wikiteksten]

Langt frå alle torevêr, superceller, byelinjer eller tropiske syklonar dannar tornadoar. Ein må ha heilt rette forhold i atmosfæren for å få danne sjølv ein svak tornado. Likevel oppstår det om lag 1200 tornadoar kvart år i USA som i snitt tar livet av 50 menneske. I snitt er det derimot om lag 100 000 torevêr her kvart år. Den mest dødelege tornadoen i USA til no var Trestatstornadoen i mars 1925, som tok livet av 695 menneske. 3. april 1974 oppstod det heile 148 tornadoar i USA, inkludert seks F5- og 24 F4-tornadoar.

Kor tid tornadoar oppstår[endre | endre wikiteksten]

Talet på tornadoar varierer i løpet av eit år. I USA er mai den mest aktive månaden, i snitt 294 tornadoar. I 2003 blei det derimot rapportert 543 tornadoar berre i mai. Desember og januar er vanlegvis dei minst aktive månadane. Årsaka til at våren er den mest aktive tida på året kjem av at temperaturskilnaden mellom luft som strøymer søraustover frå Rocky Mountains, og den varme, fuktige lufta frå Mexicogolfen er størst på denne tida av året. Tornadoar oppstår ofte i samband med ein kaldfront i lag med kraftig regn, hagl og vind.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om forskarar har lært mykje om tornadoar gjennom årevis med forsking, er det framleis enkelte ting som er eit mysterium. Til dømes veit ein ikkje kva det er som gjer at ein rotasjon i ei toresky byrjar å søkke ned og bli til ein tornado.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Williams, Jack (1999). Doppler radar measures 318 mph wind in tornado. USA Today.
  • Omaha/Valley, NE Weather Forecast Office (2005-10-02). Hallam Nebraska Tornado.
  • Edwards, Roger (2006-04-04). The Online Tornado FAQ. Storm Prediction Center.
  • Perkins, Sid (2002-05-11). Tornado Alley, USA. Science News pp. 296-298. .
  • Encyclopædia Britannica Online (2006). Tornado occurrence and distribution.
  • Harper, Douglas (November 2001). Online Etymology Dictionary.
  • Webster's New World College Dictionary
  • Doswell, Moller, Anderson et al. (2005). Advanced Spotters' Field Guide (PDF). US Department of Commerce.
  • American Meteorological Society. Tornado. Glossary of Meteorology.
  • Lyons, Walter A. The Handy Weather Answer Book. Detroit, MI: Visible Ink Press, 1997.
  • Charles H. Jones; Charlie A. Liles (1999). SEVERE WEATHER CLIMATOLOGY FOR NEW MEXICO.
  • Markowski, Straka, and Rasmussen (2002-10-14). Tornadogenesis Resulting from the Transport of Circulation by a Downdraft: Idealized Numerical Simulations. Journal of the Atmospheric Sciences: Vol. 60, No. 6 pp. 28.
  • Data from the Storm Prediction Center archives, which are accessible through SeverePlot, free software created and maintained by John Hart, lead forecaster for the SPC.
  • Edwards, Roger. «Public Domain Tornado Images.» Storm Prediction Center.
  • Lloyd, Linda Mercer. (1996). Target: Tornado [Videotape]. Atlanta, Georgia: The Weather Channel Enterprises, Inc..
  • Monastersky, R. «Oklahoma Tornado Sets Wind Record.» Science News. May 15, 1999
  • Justice, Alonzo A. «Seeing the Inside of a Tornado.» Monthly Weather Review. May, 1930.
  • Monteverdi, John. «Sunnyvale and Los Altos, CA Tornadoes.» San Francisco State University, Department of Geosciences. January 25, 2003.
  • Meaden, Dr. Terence. «A Brief History of TORRO (to 1985).» The Tornado and Storm Research Organisation. 1985.
  • Edwards, Moller, Purpura et al. «Basic Spotters' Field Guide.» US Department of Commerce, National Weather Service. 2005.
  • «Climatological or Past Storm Information and Archived Data.» Storm Prediction Center. 2006.
  • Prof. Derek M. Elsom (2002). Tornado Facts. Tornado and Storm Research Organisation.
  • Paul, Bhuiyan (2004). The April 2004 Tornado in North-Central Bangladesh: A Case for Introducing Tornado Forecasting and Warning Systems.
  • Kelly, Schaefer, McNulty, et al. (1978-04-10). An Augmented Tornado Climatology (PDF). Monthly Weather Review pp. 12. Retrieved on 2006-09-13.
  • «VORTEX: Unraveling the Secrets.» National Severe Storms Laboratory.
  • Meterologisk Institutt om tornadoar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tornado
Generelt
Regional varsling
Forsking
Bilete
Tryggleik
Ymse