Torneelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Torneelva
Torneelva ved Torneå
Torneelva ved Torneå
Utspring Tornesjøen
Munning Bottenvika
Land i nedslagsfelt Sverige, Finland
Lengd 521,6 km
Middelvassføring 381 m³/s
Nedslagsfelt 37 300 km²[1] eller 40 147,1 km² [2]
Renn gjennom Haparanda, Torneå

Torneelva (finsk: Tornionjoki, svensk: Torne älv, Torneälven, nordsamisk: Duortneseatnu, meänkieli: Tornionväyla) er ei elv nord i Sverige og Finland. Om lag halvparten av elva dannar grensa mellom desse to landa. Ho har sitt utspring i Tornesjøen (svensk: Torneträsk) nær grensa til Noreg, og renn stort sett søraustover i 522 km, før ho munnar ut i Bottenvika. Ho er den største elva i Norrbottens län både i lengd og nedslagsfelt.

I Freden i Fredrikshamn i 1809, då Sverige mista områda til Russland som i dag utgjer Finland, vart elva i lag med Muonioelva og Könkämäelva vald som grense mellom Sverige og det nye russiske Storhertugdøme Finland, og dei svenske provinsane Lappland og Västerbotten vart delt.

Byar langs Torneelva har ofte både svensk og finsk namn, som Haparanda (frå finsk Haaparanta, «Ospekyst») og Torneå (frå finsk Tornio).

Kart over Torneelva

Dei største sideelvane (lengre enn 100 km) i den svenske delen av nedslagsfeltet til Torneelva er Lainioelva, Muonioelva, Rautaselva, Tengeliönelva og Vittangiaelva. Tärendöelva er ei todelt elv som renn ut i Kalixelva nær Junosuando

[endre] Sjå òg

[endre] Kjelde

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk