Toro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Toro i Arna

Toro er ei næringsmiddelverksemd som driv framstilling av sausar, supper og liknande. Verksemda ligg i Indre Arna i Bergen. Toro er den største verksemda i Arna. Det blir laga meir enn 140 millionar brukarpakningar i året ved verksemda i Arna, delt på 750 produkt.

Verksemda har omkring 350 tilsette i Arna, og sysselset rundt 900 på landsbasis.

I 1959 starta verksemda med å produsera grønsaksuppe. I 1967 flytta ho frå Nøstet i Bergen sentrum til Arna. Merkevarenamnet Toro kjem frå spansk, tyder okse og blei registrert 8. januar 1964.

Det har vore 9 utvidingar av produksjonslokala sidan starten.