Torque

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Torque av bronse frå slutten av 300-talet funne i Somme-Suippe i Marne i Frankrike. Musée Saint-Remi i Reims.
Detalj av eit av bileta på Gundestrupkjelen syner den keltiske guden Cernunnos med ein torque om halsen og ein i handa.
Ein torque ligg kring halsen på Døyande gallar (det vil seie «døyande keltar»), ein romersk marmorkopi av ein tapt gresk skulptur frå slutten av 200-talet til minne om siger i krig mot ein keltisk stamme (Kaptiolmusea i Roma).
Steinstatue frå om lag 500 før Kr. av ein keltisk fyrste eller gud med halsring, funne i Glauberg i Wetterau i Hessen i Tyskland.


Torque (engelsk: torc, tysk:Torques, fransk: torque), er den arkeologiske nemninga på ein type halsringar som keltarane nytta i tida frå femte til fyrste hundreåret før Kr., og som romerske soldatar òg tok i bruk som eit honnørmerke.

Nemninga torque kjem frå latin torquere, som tydar å vri, og har med forma på halsringane å gjere. Dei er lagde av massive metallstenger, og har vore meint å skulle berast permanent rundt halsen. Vanlegvis er det ei lita opning i ringen på den sida som vender fram, med ein kule, halvkule, terning, eit skulptert dyrehovud, eller i nokre høve ein menneskeskulptur, i kvar ende av ringen. Slike halsringar er funne både i manns- og kvinnegraver.

Det ser ut til at denne typen halsringar har vore nytta av keltarane som herskarteikn for både menneske og guddommar; nokre eksemplar er så store og tunge at dei ikkje kan ha vore meint for menneske.

Liknande ringar har òg vore lagd som armringar.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Torque