Torsjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torsjon på ein stav.

Torsjon er vriding eller dreiing av ein lekam. Ein stam som blir halde i endane og vridd, er utsett for torsjon. Endane av staven blir då utsett for eit dreiemoment eller torsjonsmoment. Ei rett linje på stavoverflata parallelt med stavaksen vil vri seg til ei skruvelinje. Torsjonsvinkelen er den vinkel ein radius til den nemnde linja i den eine endeflata dannar med den tilsvarande radiusen i den andre endeflata.

For ein stav med same tverrsnitt langs heile staven er torsjonen:

der:

  • er maksimal skjerspenning shear stress ved ytterflata
  • JT er torsjonskonstanten for snittet. Denne er lik andre arealmoment Jzz for eit konsentrisk sirkelforma røyr, eller runde stavar. For andre former må J avgjerast på andre måtar.
  • r er avstanden mellom rotasjonsaksen og delen av staven som er lengst borte i tverrsnittet (på ytterflata).
  • er lengda til lekamen som torsjonen verkar på eller over.
  • θ er vridringsvinkelen i radianar.
  • G er skjermodulen og er vanlegvis gjeve i gigapascal (GPa), lbf/in2 (psi), eller lbf/ft2.
  • Produktet JT G vert kalla torsjonsstivleik wT.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]