Torsken kommune

Koordinatar: 69°21′45″N 17°3′00″E / 69.36250°N 17.05000°E / 69.36250; 17.05000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

69°21′45″N 17°3′00″E / 69.36250°N 17.05000°E / 69.36250; 17.05000

Torsken kommune
tidlegare kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Gryllefjord
Areal 243 km²
 - land 235 km²
 - vatn km²
Målform bokmål
Ordførar Fred Flakstad (Ap)
Kommunenr. 1928
Kart
Torsken
69°17′47″N 17°02′11″E / 69.296388888889°N 17.036388888889°E / 69.296388888889; 17.036388888889
Wikimedia Commons: Torsken
Nettstad: www.torsken.kommune.no
Medby i Torsken

Torsken kommune (nordsamisk Doaskku suohkan) er ein tidlegare norsk kommune i Troms fylke. Han låg på yttersida av øya Senja. Kommunen grensa i nord mot Berg kommune, og i sør og aust mot Tranøy kommune. Torsken kommune fekk grensene sine i 1964, då områda sør for Selfjorden i sør vart ført over til Tranøy. 1. januar 2020 vart Torsken slått saman med dei tre nabokommunane Berg, Lenvik og Tranøy til Senja kommune.

Busetnaden i kommunen er konsentrert om typiske fiskevær. Størst er tettstaden og administrasjonssenteret Gryllefjord. Kommunen har fleire spisse tindar på 600-1000 moh., og mellom tindane går djupe botnar og tronge søkk. Det er også meir opne, myrlendte dalar og mange vatn. Frå vest er kommunen sterkt innskoren av Selfjorden, Sifjorden og Torskefjorden.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Kommunen ligg nært ressursene på dei store fiskebankane utanfor Vesterålen og Sør-Troms, og i 2004 vart det ført i land 9,8 mill. tonn til ein verdi av 76,3 mill. kr til fiskemottaka i Torsken, Gryllefjord, Kaldfarnes og Grunnfarnes. Av desse er Gryllefjord viktigast med den største bedrifta i kommunen, Gryllefjord fryseri AS med filetproduksjon. Kommunen har ein del fiskeoppdrett og har forholdsvis lite produktiv skog, men det er planta ein del gran på lune område. I sørlege delar finst brukbare jordbruksareal. Det er fem gardar med meir enn 5 daa jordbruksareal i kommunen (1999).[1]

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Vegnettet deler kommunen i to: Ein nordre del med Gryllefjord og Torsken som har vegsamband med Indre Senja og Finnsnes på fylkesveg 86, og ein søre del med den resterande busetnaden som har eit samband via fylkesveg gjennom Kaperdalen til fylkesveg 86. Det går hurtigbåt frå Flakstadvåg til Harstad, og ei ferje frå Gryllefjord til Andenes om sommaren.[1]

Grunnkrinsar[endre | endre wikiteksten]

Torsken kommune har berre eitt delområde. Det er deld i følgjande sju grunnkrinsar (folketal 2008):

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet er ein ankerkross i gult på svart bakgrunn. Ankerkross har særleg vore brukt i kyrkjer på kysten, og er eit eldgamalt kristent symbol. Det symboliserer på den eine sida kampen for tilværet (krossen) og på den andre sida ei trygg hamn (ankeret). Kommunevåpenet skal slik seie noko om staden kommunen ligg på og utfordringane folket har i omgjevnadane dei lever i. Ivar Enoksen står bak ideen til våpenet og har også teikna det.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Torsken kommune vart oppretta 1. januar 1902, då han vart skild ut frå Berg kommune. 1. januar 1964 vart Rødsandområdet overført til Tranøy kommune.[2]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Torsken kommune var frå 2013 den minste kommunen i Troms etter folketal.

Folketalsutvikling for Torsken kommune frå 1910:

1910[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
1597a 1630a 1732a 2209a 2232a 2254a 1772 1566 1280 1130 899
a Talet omfattar Rødsandområdet, som var del av Torsken kommune fram til 1964, då det vart overført til Tranøy kommune. Dette området hadde då 160 innbyggjarar.

Folk frå Torsken[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Torsken». Store Norske Leksikon. Henta 21. oktober 2013. 
  2. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 Arkivert 2011-05-25 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Torsken 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Torsken kommune
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.