Torvald Sund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torvald Sund
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. juli 1952 (71 år)
Råkvågen
Yrke skribent

Torvald Sund (fødd 3. juli 1952 i Råkvåg i Rissa) er ein norsk forfattar og dramatikar som er busett i Levanger.

Det går tre trådar gjennom Sunds forfattarskap. Like frå debuten har han vist ein lojalitet mot underklassa, minoritetane og dei utstøytte. Dette kjem blant anna til uttrykk i dei tidlege bøkene frå sørsamisk miljø, i novellesuiten Knivkastarens son og i Siste ytre frå nyfattigdommens Noreg. For det andre har han eit episk talent knytt til historier og miljø frå sin eigen oppvekst i kystkulturen, som kjem til uttrykk i novellene Sjømannen og Vårherre og endå sterkare i hans førebels einaste store roman, Seglet og dansen.

Ikkje minst har han òg sterke røter i ein folkeleg lygarsoge-tradisjon der målande karakteristikkar og utrulege hendingar veks fram i ei sjølvforsterkande fantasiverd. Dei to populære bøkene om Onkel Oskar er dei tydelegaste døma på dette. Stoffa vart òg filmatisert i 1997[1][2][3] med blanda suksess. Problemet med filmen var langt på veg at humoren i bøkene ligg i eg-personen sin tankemonolog.

Dei siste åra har Sund arbeidd meir med dramatikk. Monologen Brenn draumane mine på Callios rei blei framført hausten 2006 på Trøndelag Teater under tittelen Takoradi - historia til ein sjømann. To historiske spel med tilsynelatande ulik tendens hadde premiere i høvesvis Vikna og Levanger i 2005 og 2006. Felles for stykka er identifikasjonen med interessene til underklassa.

Det er først og fremst den truverdige framstillinga, den beinframme realismen og ein allmennmenneskeleg appell som gjer forteljingane levande, og ofte spelar vonløysa på lag med ein humor som hevar tekstane.

Juryen for nynorsk barnelitteraturpris om Knivkastarens son[4]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Dugnadstid, dikt. (Dikt 1979)
  • Haustsommar i reinfjellet (Ungdomsbok 1979)
  • Anselm reineigaren (Barnebok 1981)
  • Du klarer det, Næjla (Ungdomsbok 1982)
  • Eg er med deg, Kim (Ungdomsbok 1983)
  • Snøstormen (Billedbok 1984)
  • Villmarksguten (Biletbok 1985)
  • Første tørn på 'Havterna' (Ungdomsbok 1986)
  • Grensejegerar (Ungdomsbok 1987)
  • Onkel Oskars saueost og andre godbitar (Forteljing 1988)
  • Slong (Barnebok 1989)
  • Vettskremt (Barnebok 1990)
  • Vi, kafegrisen og den flygande hollendar på flukt (Barnebok 1990)
  • Skrømt (Barnebok 1991)
  • Onkel Oskar spring naken heim til jul (Forteljing 1991)
  • Steindau (Barnebok 1992)
  • Bestemors tre (Barnebok 1993) Gjenutgitt som Fuglefangartreet (2005)
  • Trollkatta (Barnebok 1993)
  • Sjømannen og Vårherre (Noveller 1994)
  • Guten som song så stygt (Barnebok 1994)
  • Bror, Venn (Barnebok 1997)
  • Brenn draumane mine på Callios rei (Dramatisk monolog 1998)
  • Seglet og dansen (Roman, 1999)
  • Knivkastarens son (Barnebok, 2001)
  • Då nissen kyssa mamma (Barnebok, 2003)
  • Siste ytre (Ungdomsbok, 2005)
  • Trua og saltet (Spel, premiere Vikna 2005)
  • Raud vinter (Spel, premiere Levanger 2006)
  • Takoradi (Teatermonolog, premiere Trondheim (Trøndelag Teater) 2006)
  • Namsens Auge (Spel, premiere Grong 2008)
  • Dans stille før stormen (Roman, 2010)
  • Helg (Skodespel, 2011)
  • Sildbøtta (Roman, Communicatio, 2014)
  • Bøt nota, fang livet (Roman, Communicatio, 2016)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • http://film.medietilsynet.no/Filmdatabase?Id=D003740[daud lenkje]
  • http://www.dagogtid.no/arkiv/1997/08/oskar.html
  • http://www.dagogtid.no/arkiv/1997/11/film2.html
  • http://www.NM.no/tekst.cfm?path=10197,10201,10206&id=1736
  • 5,0 5,1 Ottar Grepstad (1998). «Nynorsk barnelitteraturpris». Nynorsk faktabok 1998. Nynorsk forum. s. 284. ISBN 82-91939-00-4. 
  • ««Tidlegare vinnarar»». Nettstaden til Ole Vig-prisen. Henta 25. april 2012. 
  • «Nynorsk barnelitteraturpris». Noregs Mållag. Henta 25. februar 2012. 
  • Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Kjelde[endre | endre wikiteksten]