Torvull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Torvull


Eriophorum-vaginatum.JPG

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Underrekkje: Angiospermae
Klasse: Monocotyledonae
Orden: Poales
Familie: Cyperaceae
Slekt: Eriophorum (myrull)
Art: E. vaginatum
Vitskapleg namn
Eriophorum vaginatum

Torvull er ei plante i storrfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta vert kring 40 cm høg og veks i tuver med tett samanpakka lyst brune slirer og mange strå. Torvull har trådsmale blad og strå med to-tre bladslirer. Strået er trekanta øvst. Akset er avlangt, til slutt rundt med tverr grunn. Aksskjela er breiast ovanfor grunnen, dei er langspisse, blågrå og gjennomskinlege. Planta har kvit ull. Mjølknappen er 2,5 mm lang. Torvull blomstrar kring juni månad på myr og torvgrunn i Noreg, og er vanleg i heile landet. Torvull er funnen opp til 1710 m i Jotunheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]