Torypartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Torypartiet er eit tidlegare politisk parti i Storbritannia. Det oppstod i samband med stridane mellom stuartane og parlamentetDei britiske øyane. Stridsspørsmål var makta til kongen i tilhøve til parlamentet, og dessutan religionen til kongen. Sistnemnde vart særleg betent i tilhøve til spurnaden om kven som skulle overta som konge etter Karl II, som var barnlaus. Broren hans, Jakob II, var open katolikk, noko som gjorde at det frå parlamentet vart stilt krav om å utelukke han frå tronfølgja. Då underhuset ville diskutere spurnaden, lét Karl II parlamentet oppløyse. Støttespelarane hans danna eit hoffparti til støtte for stuartane. Dei vart av motstandarane omtalt som «tories», frå irsk gælisk tóraighe, som var ei nemning på irske, katolske bandittar. I namnet låg ei skjult skulding om katolske tilbøyelegheiter, noko som for dei fleste engelskmennene var jamgodt med landsforræderi. Som «svar» kalla toriane motstandarane til kongen «whigs», som var ei nemning på presbyterianske, skotske krøttertjuvar. Begge gruppene omtalte kvarandre altså ut frå det som vart oppfatta som religiøse avvik. Toryane skulle likevel likevel etterkvart bli assosiert med den etablerte anglikanske kyrkja.

Åtaket til Jakob II på den anglikanske kyrkja fekk nokre toriar til så støtte den ærerike revolusjonen i 1688, og under Wilhelm III og dronning Anne kjempa dei ivrig med whiggane om makta, og begge dei to monarkane brukte normalt ministrar frå begge dei to partia. I 1708, under den spanske arvefølgjekrigen, gjekk likevel dei fleste toriane i opposisjon, noko som førde til eit kabinett med nestan berre whigar. Dronning Anne mislikte likevel at ho var avhengig av whiggane, og i 1710 erstatta ho dei med ei rein tory-regjering under Harley og Bolingbroke, som i 1713 forhandla fram freden i Utrecht, som medverka til å ende krigen, men som vart kritisert av den framtidige etterfølgjaren hennar, Georg I av Hannover.

I 1714 prøvde Bolingbroke å få til ein jakobittisk restaurasjon, men planane vart stoppa då Anne døydde og Georg I vart innsett. Året etter støtta han eit jakobittisk opprør. Etter dette vart toriene, med unntak av nokre enkeltministrar, i opposisjon heilt fram til 1757, då dei vart med i ein koalisjonsregjering med whiggane. Etter Georg III tok over trona, vart nemninga «tory» mindre vanleg, i det dei to gruppene vart erstatta med ei mengd personlege fraksjonar, der dei fleste oppfatta seg som «whigar». Likevel overlevde torymentaliteten, blant anna gjennom forfattarar og kritikarar som Samuel Johnson. Nemninga «tory» vart brukt på førsteministrane, lord Bute (1762–1763) og lord North (1770–1782), men det er vanskeleg å sjå noko tydeleg tory «parti» i denne perioden. På slutten av 1700-talet, kom nemninga «tory» til å bli brukt om dei som var skeptiske til parlamentarisme og som ynskte at kongen skulle ha større personleg makt.

Under førsteministrane lord North (1770–1782) William Pitt den yngre (1783–1801) kom omgrepet «tory» i stor grad til å bli assosiert med motstandarane av den radikalismen som vart assosiert med den franske og amerikanske revolusjonen. Dette vart forsterka etter ein splitting blant whiggane i 1794, då ei konservativ gruppe slutta seg til Pitt-regjeringa. Frykta for jakobittar i Frankrike medverka til igjen å gjere omgrepet «tory» respektabelt. Pitt sjølv føretrekte likevel å kalle seg «sjølvstendig whig». Gruppa rundt Pitt den yngre kom til å bli dominerande i britisk politikk mellom 1783 og 1830, og etter Pitt døydde kom dei i aukande grad sjølv til å omtale seg som «tories».

Generelt kan ein seie at toriane vart assosiert med godseigarar og den anglikanske kyrkja (i Skottland den episkopale kyrkja), medan whiggane vart assosiert med borgarskapet og nonkonformistiske protestantiske grupper. Begge gruppene støtta likevel det politiske systemet slik det var på deira samtid. Ingen av gruppene kunne enno seiast å vere eigenlege «parti» i den moderne tydinga til ordet.

Etter å ha vorte assosiert med undertrykking av folkeleg uro i åra etter 1815, gjekk toriane under Robert Peel gjennom ein kraftig endringsprosess. Peel høyrde til sjølv industriborgarskapet, han var ikkje godseigar. No vart begripe «konservativ» meir og meir vanleg. I samsvar med den konservative filosofien til Peel skulle ein reformere det dårlege i systemet, men ta vare på det gode. Frå då av har administrasjon til Peel vorte omtalt som «konservativ», snarare enn «tory», men sistnemnde er i bruk den dagen i dag.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]