Toten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toten
Land  Noreg
Kart
Toten
60°40′42″N 10°44′54″E / 60.6782°N 10.7482°E / 60.6782; 10.7482
Toten har rike jordbruksbygder

Toten er eit område søraust i Oppland, vest for innsjøen Mjøsa. Det omfattar kommunane Østre og Vestre Toten, med 14 465 og 12 723 innbyggjarar. Dei har flatemål på 561 og 249 km², til saman 810 km². Administrasjonssenteret i Vestre Toten er Raufoss, og i Østre Toten Lena. Historisk sett høyrde òg Biri og Vardal, no delar av Gjøvik kommune, til Toten futedøme, men det er ikkje lenger vanleg å rekne desse til Toten. Toten prosti femner også Gjøvik kommune.[1]

Gustav Indrebø meinte namnet kom av det norrøne Þóttr som tyder godtokke, hugnad, «den trivelegaste bygda».[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Toten var del av eit lite kongerike i tidleg vikingtid og Halvdan Kvitbein var den mest kjende kongen som styrte der.[treng kjelde]

Toten har tradisjonelt vore eit av Noregs største jordbruksområde, medan industriparken på Raufoss er eit av dei største industrisentra i innlandet i Noreg.

Totenmål[endre | endre wikiteksten]

Dialekten på Toten høyrer til opplandsmåla av austlandsk. Totenmålet har halde på dativ[3] og har samsvarsbøying i adjektiv og perfektum partisipp. Eit døme: «Totninger er namnet på innbyggera i dei to Totenkommuna Vestre Toten og Øystre Toten. Generelt for totninger er at dom talar totning. Ellers er det sagt at det tæk tid å vara totning.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Toten prosti». Den norske kyrkja. Henta 27. januar 2012. 
  2. Stemshaug, Ola; Sandnes, Jørn, red. (1997). «Toten». Norsk stadnamnleksikon (4. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 459. ISBN 8252149057. 
  3. Skjekkeland, Martin (1997). Dei norske dialektane : tradisjonelle særdrag i jamføring med skriftmåla. Kristiansand: Høyskoleforlaget. s. 151-152. ISBN 8276341039.