Totland kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°55′53″N 5°23′11″E

Totland kyrkje
Totland kirke.jpg

Foto: kirkenorge.no

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Nordfjord
Fellesråd:  Vågsøy
Sokn:  Vågsøy
Innvigd:  8. august 1912[1]
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Arkitekt:  Lars Sølvberg og Jens Sølvberg[1]
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Plassar:  250[1]

Totland kyrkje, tidlegare Totland kapell, står på Totland ved Bryggja aust i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1912.

Totland kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Totland kyrkje

Arkitektar for bygget, som har sitjeplassar til 250 personar, var Lars Sølvberg og Jens Sølvberg.[1] Kyrkja er dekorert innvendig med utskjeringar og rosemåling av Lars Kinsarvik.[1]

Frå starten til 1953 hadde gudshuset status som kapell i Rugsund sokn. Det året vart so Totland skild ut som eige sokn i Davik prestegjeld. I 1967 vart Totland sokn overførd frå Davik til Vågsøy prestegjeld. Totland sokn vart nedlagd att i 2002, for då vart sokna i Vågsøy prestegjeld ihopslegne til eitt sams sokn som heiter Vågsøy sokn.[1]

Før dei fekk kyrkje på Totland sokna folk på nordsida av Nordfjorden i Davik prestegjeld til Rugsund kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]