Touch Me av The Doors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Touch Me
Singel av The Doors
frå albumet The Soft Parade
B-side «Wild Child»
Utgjeve Desember 1968
Innspelt Hausten 1968
Sjanger Symfonisk rock
Lengd 3:11
Selskap Elektra
Låtskrivar(ar) Robby Krieger
Produsent Paul Rothchild
The Doors-kronologi
«Hello, I Love You»
(1968)
Touch Me «Wishful Sinful»
(1969)

«Touch Me» er ein song av The Doors frå albumet deira The Soft Parade frå 1969. Han var skriven av Robby Krieger, og riffet var inspirert av The Four Seasons sin «C'mon Marianne». Songen er kjend for at det vert nytta mykje blåseinstrument og strykarar (inkludert ein mektig saksofonsolo av Curtis Amy). Det var òg ein av dei mest populære singlane til bandet.

Han vart gjeven ut som singel i desember 1968 og nådde 3. plass på Hot 100 og førsteplassen på Cashbox-listene i USA. Singelen gjorde det òg godt andre stader og gjekk til topps i Canada og nådde 10. plass i Australia. Singelen gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.

Arbeidstitlar[endre | endre wikiteksten]

I følgje Bruce Botnick vart songen opphavleg kalla «I'm Gonna Love You» eller «Hit Me». Opningslinja var då «C'mon, hit me, I'm not afraid» er ein referanse til ein person som spelar black jack[1]. Morrison endra visstnok teksten fordi han var redd bøller i publikum ville tru at det var ei oppfordring om å slå han.

Ein av dei mest kjende fjernsynsframferdene til bandet var av «Touch Me» på the Smothers Brothers Comedy Hour i lag med B-sida «Wild Child». Dette vart gjort 6. desember 1968 og synt på lufta den 15. desember. Under framferda kom Jim Morrison inn på feil stad med «C'mon, c'mon» og Robby Krieger spelte med eit svart auge. Krieger sa i fleire intervju etter at Morrison var død at det var Morrison som hadde slått han under ein krangel.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spela songen er Guess Who og Ian Astbury.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Doors CDs Remastered