Tour de France

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frankrike rundt-ryttarar på veg opp Cote de Bad Herrenalb i 2007.
Nordmann i Tour de France: Thor Hushovd.

Tour de France (eller berre le Tour; i Noreg òg Touren eller Frankrike rundt) er det største sykkelrittet i verda. Det blir køyrt kvar sommar i Frankrike i juli. Rittet startar på ein laurdag og varer i tre veker. Frankrike rundt vart arrangert første gongen i 1903, og har sidan da vorte arrangert kvart år, berre avbrote av verdskrigane.

I Europa blir det òg arrangert to andre 3-vekers etapperitt på sykkel kvart år: Giro d'Italia (Italia rundt) og Vuelta a España (Spania rundt).

Dei nordmennene som har gjort det best, er Thor Hushovd, som vann poengkonkurransen i 2005 og 2009, og Jostein Wilmann, som ut frå samanlagt tid kom på ein 14. plass i 1980. Elles har nordmenn vunne seksten etappar i touren - Dag Otto Lauritzen i 1987, Thor Hushovd i 2002, 2004, 2006 (2), 2007, 2008, 2009, 2010 og 2011 (2), Kurt Asle Arvesen i 2008, Edvald Boasson Hagen i 2011 (2), og Alexander Kristoff i 2014 (2).

Trøyene[endre | endre wikiteksten]

Trøyene i sykkelrittet er knytte til dei ulike prisane. Personen som ber ei trøye, er den som foreløpig ligg best an i kampen om prisen. Antalet trøyer og kva for trøyer som finst, har variert noko opp gjennom tidene. For tida finst desse trøyene:

  • Gul trøye (le maillot jaune): Leiartrøya. Blir bore av den ryttaren som har best samanlagttid.
  • Grøn trøye (le maillot vert): Spurttrøya/poengtrøya. Blir bore av den som har flest spurtpoeng. Desse poenga blir gjeve til dei ryttarane som kjem i mål først på kvar etappe, og ofte 2-3 gonger undervegs i etappen til dei som passerer førehandsbestemte punkt først. Det blir òg gjeve poeng på dei individuelle tempoetappane.
  • Kvit trøye med raude prikkar (le maillot à pois rouges): Klatretrøya. Blir bore av den som har flest klatrepoeng. Det er dei første ryttarane over fjelltoppar som får klatrepoeng.
  • Kvit trøye (le maillot blanc): Ungdomstrøya. Kan berre bli bore av ryttarar under 25 år (eller som har fylt 25 det inneverande året). Fungerer elles på same måte som den gule trøya, dvs. at det er samanlagttida som tel.

Dersom ein ryttar har krav på fleire trøyer, ber han den gjævaste av trøyene (i rekkefølgja gul-grøn-raudprikka-kvit).

Vinnarliste[endre | endre wikiteksten]

Ryttarane som står oppført med overstreka namn i opplistinga har vorte frådømd sigeren i ettertid på grunn av brot mot dopingreglementet.

Vinnarar av Tour de France
Tour År Vinner Nasjonalitet
101 2014 Vincenzo Nibali Italia
100 2013 Chris Froome Storbritannia
99 2012 Bradley Wiggins Storbritannia
98 2011 Cadel Evans Australia
97 2010 Alberto Contador
Andy Schleck
Spania
Luxembourg
96 2009 Alberto Contador Spania
95 2008 Carlos Sastre Spania
94 2007 Alberto Contador Spania
93 2006 Floyd Landis
Óscar Pereiro
USA
Spania
92 2005 Lance Armstrong USA
91 2004 Lance Armstrong USA
90 2003 Lance Armstrong USA
89 2002 Lance Armstrong USA
88 2001 Lance Armstrong USA
87 2000 Lance Armstrong USA
86 1999 Lance Armstrong USA
85 1998 Marco Pantani Italia
84 1997 Jan Ullrich Tyskland
83 1996 Bjarne Riis*[1] Danmark
82 1995 Miguel Indurain Spania
81 1994 Miguel Indurain Spania
80 1993 Miguel Indurain Spania
79 1992 Miguel Indurain Spania
78 1991 Miguel Induraín Spania
77 1990 Greg Lemond USA
76 1989 Greg Lemond USA
75 1988 Pedro Delgado Spania
74 1987 Stephen Roche Irland
73 1986 Greg LeMond USA
72 1985 Bernard Hinault Frankrike
71 1984 Laurent Fignon Frankrike
70 1983 Laurent Fignon Frankrike
69 1982 Bernard Hinault Frankrike
68 1981 Bernard Hinault Frankrike
67 1980 Joop Zoetemelk Nederland
66 1979 Bernard Hinault Frankrike
65 1978 Bernard Hinault Frankrike
64 1977 Bernard Thévenet Frankrike
63 1976 Lucien Van Impe Belgia
62 1975 Bernard Thévenet Frankrike
61 1974 Eddy Merckx Belgia
60 1973 Luis Ocaña Spania
59 1972 Eddy Merckx Belgia
58 1971 Eddy Merckx Belgia
57 1970 Eddy Merckx Belgia
56 1969 Eddy Merckx Belgia
55 1968 Jan Janssen Nederland
54 1967 Roger Pingeon Frankrike
53 1966 Lucien Aimar Frankrike
52 1965 Felice Gimondi Italia
51 1964 Jacques Anquetil Frankrike
50 1963 Jacques Anquetil Frankrike
49 1962 Jacques Anquetil Frankrike
48 1961 Jacques Anquetil Frankrike
47 1960 Gastone Nencini Italia
46 1959 Federico Bahamontes Spania
45 1958 Charly Gaul Luxembourg
44 1957 Jacques Anquetil Frankrike
43 1956 Roger Walkowiak Frankrike
42 1955 Louison Bobet Frankrike
41 1954 Louison Bobet Frankrike
40 1953 Louison Bobet Frankrike
39 1952 Fausto Coppi Italia
38 1951 Hugo Koblet Sveits
37 1950 Ferdinand Kubler Sveits
36 1949 Fausto Coppi Italia
35 1948 Gino Bartali Italia
34 1947 Jean Robic Frankrike
** *** *** ***
33 1939 Sylvère Maes Belgia
32 1938 Gino Bartali Italia
31 1937 Roger Lapébie Frankrike
30 1936 Sylvère Maes Belgia
29 1935 Romain Maes Belgia
28 1934 Antonin Magne Frankrike
27 1933 Georges Speicher Frankrike
26 1932 André Leducq Frankrike
25 1931 Antonin Magne Frankrike
24 1930 André Leducq Frankrike
23 1929 Maurice de Waele Belgia
22 1928 Nicolas Frantz Luxembourg
21 1927 Nicolas Frantz Luxembourg
20 1926 Lucien Buysse Belgia
19 1925 Ottavio Bottecchia Italia
18 1924 Ottavio Bottecchia Italia
17 1923 Henri Pélissier Frankrike
16 1922 Firmin Lambot Belgia
15 1921 Léon Scieur Belgia
14 1920 Philippe Thys Belgia
13 1919 Firmin Lambot Belgia
** *** *** ***
12 1914 Philippe Thys Belgia
11 1913 Philippe Thys Belgia
10 1912 Odile Defraye Belgia
09 1911 Gustave Garrigou Frankrike
08 1910 Octave Lapize Frankrike
07 1909 François Faber Luxembourg
06 1908 Lucien Petit-Breton Frankrike
05 1907 Lucien Petit-Breton Frankrike
04 1906 René Polthier Frankrike
03 1905 Louis Trousselier Frankrike
02 1904 Henri Cornet Frankrike
01 1903 Maurice Garin Frankrike
Vinnarar av poengkonkurransen
Tour År Vinnar Nasjonalitet
101 2014 Peter Sagan Slovakia
100 2013 Peter Sagan Slovakia
99 2012 Peter Sagan Slovakia
98 2011 Mark Cavendish Storbritannia
97 2010 Alessandro Petacchi Italia
96 2009 Thor Hushovd Noreg
95 2008 Óscar Freire Spania
94 2007 Tom Boonen Belgia
93 2006 Robbie McEwen Australia
92 2005 Thor Hushovd Noreg
91 2004 Robbie McEwen Australia
90 2003 Baden Cooke Australia
89 2002 Robbie McEwen Australia
88 2001 Erik Zabel Tyskland
87 2000 Erik Zabel Tyskland
86 1999 Erik Zabel Tyskland
85 1998 Erik Zabel Tyskland
84 1997 Erik Zabel Tyskland
83 1996 Erik Zabel Tyskland
82 1995 Laurent Jalabert Frankrike
81 1994 Dzamolidine Abduzhaparov Usbekistan
80 1993 Dzamolidine Abduzhaparov Usbekistan
79 1992 Laurent Jalabert Frankrike
78 1991 Dzamolidine Abduzhaparov Usbekistan
77 1990 Olaf Ludwig Tyskland
76 1989 Sean Kelly Irland
75 1988 Eddy Planckaert Belgia
74 1987 Jean-Paul van Poppel Nederland
73 1986 Eric Vanderaerden Belgia
72 1985 Sean Kelly Irland
71 1984 Frank Hostel Belgia
70 1983 Sean Kelly Irland
69 1982 Sean Kelly Irland
68 1981 Freddy Maertens Belgia
67 1980 Rudy Pevenage Belgia
66 1979 Bernard Hinault Frankrike
65 1978 Freddy Maertens Belgia
64 1977 Jacques Esclassan Frankrike
63 1976 Freddy Maertens Belgia
62 1975 Rik van Linden Belgia
61 1974 Patrick Sercu Belgia
60 1973 Herman Van Springel Belgia
59 1972 Eddy Merckx Belgia
58 1971 Eddy Merckx Belgia
57 1970 Walter Godefroot Belgia
56 1969 Eddy Merckx Belgia
55 1968 Franco Bitossi Italia
54 1967 Jan Janssen Nederland
53 1966 Willy Planckaert Belgia
52 1965 Jan Janssen Nederland
51 1964 Jan Janssen Nederland
50 1963 Rik Van Looy Belgia
49 1962 Rudi Altig Frg
48 1961 André Darrigade Frankrike
47 1960 Jean Graczyk Frankrike
46 1959 André Darrigade Frankrike
45 1958 Jean Graczyk Frankrike
44 1957 Jean Forestier Frankrike
43 1956 Stan Ockers Belgia
42 1955 Stan Ockers Belgia
41 1954 Ferdi Kübler Sveits
40 1953 Fritz Schär Sveits

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Har vedgått at han var dopa under tevlinga

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tour de France