Tove-Lise Torve
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tove-Lise Torve (fødd 8. juni 1964) på Sunndalsøra er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald til ordførar i Sunndal kommune i Møre og Romsdal for perioden 2007-2011. Ho er nestleiar i Møre og Romsdal Arbeidarparti, og er òg leiar for kvinnenettverket i Møre og Romsdal Arbeidarparti.
Tove-Lise Torve vart vald inn på Stortinget i 2009, og gjekk då av som ordførar i Sunndal. Ved valet var ho Arbeiderpartiet sin 3. kandidat i fylket.
Torve er utdanna sjukepleiar.
Stortingskomitear [endre]
- 2009–2013: Medlem i Justiskomiteen
Bakgrunnsstoff [endre]
- Tove-Lise Torve hos Stortinget
- Tove-Lise Torve hos TV 2
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Tove-Lise Torve» frå Wikipedia på bokmål, den 29. april 2008.