Tower Bridge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tower Bridge med dei olympiske ringane under sommar-OL 2012.
Inne i Tower Bridge.
Dampmaskin inne i brua.

Tower Bridge er ei bru i London i England. Ho ligg i nærleiken av Tower of London, noko som har gitt henne namnet sitt. Brua blir nokre gonger feilaktig omtalt som London Bridge, som faktisk er ei anna bru, ikkje langt unna.

Brua blei bygd som følgje av økonomisk vekst i East End-området på 1800-talet. Grunnen til at den blei ei klaffebru var at ein ikkje måtte forhindra skipstrafikken. Klaffane blei opphavleg drivne av seks dampmaskinar og kunne bli løfta på eitt minutt.