Tower of London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 51°30′28.854″N 0°4′33.748″W

Her Majesty's Royal Palace and Fortress of The Tower of London

Tower sett over Themsen.
Foto: Steve F-E-Cameron
LandStorbritannia
Innskriven ved UNESCOs 12. sesjon i 1988.
Referansenr. 488.
Kriterium:KULTUR (II)(IV)
Sjå ògVerdsarvstader i Europa
BakgrunnsstoffHer Majesty's Royal Palace and Fortress of The Tower of London ved unesco.org

Tower of London eller berre Tower er ei borg i London, på den nordlege breidda av Themsen. Tower står på UNESCO si verdsarvliste. Bygginga av den eldste delen, White Tower, starta under Vilhelm erobraren. Denne er bevart, men den store festninga som møter dagens turistar er eit resultat av utvidingar gjennom hundreåra.

Slottet blei bygt utanfor City of London, og var tidlegare kjernen i området Liberties of the Tower of London. Hovudfunksjonen var å vere eit forskansa palass for monarken. Etter kvart blei Tower ikkje minst kjend som fengsel og rettarstad, spesielt for fangar av høg status. Tower har hatt mange andre funksjonar, og er framleis staden der dei britiske kronjuvelane vert oppbevarte og viste fram.

Utsikt over Tower of London frå The Gherkin.
Modell av Tower of London.
Foto: Onofre Bouvila

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tower blei grunnlagt av Vilhelm Erobraren etter sigeren hans i 1066, truleg med byggjestart i 1078. Det å byggje festningar var eit sentralt element i normannarane si krigføring. Angelsaksarane hadde mange små festningar i tre, men desse var svake og ein hadde ikkje utarbeidd gode metodar for å forsvare dei. Normannarane var derimot svært opptekne av å sikre område ved å byggje festningar som dei kunne føle seg trygge i dersom angelsaksarane gjorde opprør.

I byrjinga var Tower eit mindre fort av tre. Vilhelm gav etter kvart ordre om at fortet av tre skulle rivast og erstattast av noko meir solid. Det skulle, som han uttrykte det, vere eit symbol på makta hans, ei festning som forsvar og eit fengsel for fiendane hans.[1] White Tower stod klart omkring 20 år seinare. I det neste hundreåret bestod Tower of London berre av denne eine bygningen med ein liten borggard og ein enkel ringmur.

Første utviding[endre | endre wikiteksten]

Vollgrava.
Foto: Marco Rimoldi, 2006

Den første utvidinga blei byrja rundt 1190 av rikskanslaren William Longchamp mens Rikard I var på krosstog. Borggarden rundt White Tower blei dobbelt så stor, og det kom opp ein ny ringmur med tårn omkransa av ei ny vollgrav. Denne blei fullført i 1199 av Rikard sin bror og etterfølgjer, Johan.

Under Henrik III (1216–1272) blei det først sett fokus på slottet si rolle som kongeleg palass. Mellom White Tower og elva blei det reist nye kongelege husvære. Kongen oppretta òg eit menasjeri til underhaldning innanfor murane. Etter at denne utvidinga var ferdig, kom Henrik i strid med baronane sine, og følte behov for ei ny og kraftig utviding. Igjen blei arealet fordobla, denne gongen til alle tre sider på land slik at White Tower blei ståande i midten. Det kom òg opp ein ny ringmur og vollgrav.

Slottet vert fullført[endre | endre wikiteksten]

Under Edvard I (1272–1307) fekk Tower omtrent den storleiken det har i dag. Mellom 1275 og 1285 brukte kongen meir enn dobbelt så mykje ressursar på Tower som det faren hans hadde gjort i heile den lange regjeringstida si. Det blei bygd enda ei ny vollgrav og reist ein ny ringmur, som òg gjekk langs elva. I muren mot Themsen blei det laga nye kongelege husvære. Den nye hovudporten mot land blei kraftig forskansa.

Festninga erobra[endre | endre wikiteksten]

Under bondeopprøret i 1381 blei Tower erobra av opprørarane, og Simon Sudbury, erkebiskop av Canterbury og rikskansler, blei myrda. Dette var ikkje fordi forsvarsverka var svake, men fordi garnisonen ikkje forsvarte slottet. Då slottet blei erobra, hadde kong Rikard II forlate det for å forhandle med opprørarane, og då ei stor folkemengd kom til Tower, frykta soldatane at dei ville setje kongen sitt liv i fare dersom dei gjorde motstand.

Tower blei igjen teke i 1460, under Rosekrigane. Det blei då bombardert og kringsett, og garnisonen valde å kapitulere med gode vilkår framfor å kjempe ein kamp dei ikkje kunne vinne.

Fleire funksjonar[endre | endre wikiteksten]

Tower of London i 1597

Etter at Edvard I hadde utvida Tower blei fleire viktige institusjonar lagde dit: Det største kongelege skattkammeret og det største myntslageriet, riket sitt hovudarsenal og eit lager for offentlege dokument. Bryggjene blei utvida langs heile elvebreidda for å gjere det lettare å transportere ting inn og ut av Tower. Det var òg i denne perioden at Tower først blei teke i bruk som fengsel (sjå nedanfor), noko som skulle bli ein svært viktig funksjon i tudortida og elisabethansk tid.

Ny karakter[endre | endre wikiteksten]

I løpet av 1700-talet blei Tower ein turistattraksjon; her våpenutstillinga på byrjinga av 1800-talet.
Foto: Thomas Rowlandson og Augustus Pugin, ca. 1808

Ved restaurasjonen i 1660 byrja ein ny fase i historia til Tower. Under Karl II blei det utført store forandringar. Far hans, Karl I hadde tapt kontroll over London under den engelske borgarkrigen, og Karl II ynskte å forhindre at dette skjedde igjen. Slottet blei kraftig opprusta med artilleri og arsenalet blei utvida.

Samtidig begynte ein å opne slottet for gjester. Kronregalia blei utstilt, og det blei oppretta ei utstilling av historiske våpen. Tower blei samtidig framleis brukt som fengsel, men i langt mindre grad enn under Tudormonarkene. Det var no først og fremst under større nasjonale kriser, som jakobittopprørarane i 1715 og 1745, og den franske revolusjonen, at ein plasserte fangar der. Royal Mint og dokumentlageret var framleis i Tower.

Det militære preget blei igjen styrkt i 1826, då hertugen av Wellington blei konstabel av Tower of London. Han trudde, som mange andre, at ein revolusjon når som helst kunne bryte ut i England, og meinte at sikring av Tower var sentralt. Royal Mint hadde då allereie flytta ut; Wellington fekk òg lagt ned menasjeriet og flytta dokumentlageret. Då Grand Storehouse, den største arsenalbygningen, blei øydelagd av brann i 1841 fekk han bygd ein ny stor arsenal- og brakkebygning. Wellington meinte òg at publikum ikkje måtte ha tilgjenge til Tower, men dette fekk han ikkje gehør for.

Turistattraksjon[endre | endre wikiteksten]

Då Wellington døydde i 1852 frykta ein ikkje lenger ein revolusjon. Tower hadde lenge vore ein turistattraksjon, men når ein ikkje lenger hadde noko militært behov for Tower, kunne dette vidareutviklast. Prins Albert, gemalen til dronning Victoria, oppfordra til at Tower skulle gjerast om til eit nasjonalt monument, og fekk støtte for dette. Arsenalbygningane blei gradvis rivne, og mellomalderstrukturane blei restaurerte eller bygde opp på nytt. Ved slutten av Victoria si regjeringstid i 1901 hadde Tower ein halv million gjester kvart år, eit enormt tal på ei tid der masseturismen enno ikkje hadde gjort inntog. På slutten av 1990-åra hadde mengda gjester auka til over to millionar årleg, der tre fjerdedelar var utlendingar.

Verdskrigane[endre | endre wikiteksten]

Under første verdskrigen var Tower ope for publikum, men luftangrep førte til at ein nokre gonger måtte stengje. Den tyske keisaren hadde ved byrjinga av krigen gjeve klar ordre om at historiske monument og kongelege slott i London ikkje skulle vere bombemål, men siktemetodane var lite presise, og Tower ligg nær London sine økonomiske senter og nær eit industriområde på sørsida av Themsen. Den 13. juni 1917 fall ei bombe i vollgrava ved Legge's Mount; ho eksploderte ikkje, og dei einaste skadde var to duer. Under seinare bomberaid fekk Tower nokre skadar. Skaden på Bowyer Tower kom ikkje av ei tysk bombe, men av ein luftverngranat skote frå Tower Bridge; granaten eksploderte ikkje som han skulle og fall ned på tårnet. Kanonene blei kommandert av Charles Foulkes, kuratoren for Tower Armouries, og stillinga blei kjend då ho 19. mai 1918 skaut ned eit bombefly, det einaste som blei skote ned over London under første verdskrigen.

Tower blei òg brukt som fengsel igjen under første verdskrig. Elleve tyske spionar blei avretta ved skyting der mellom november 1914 og april 1916. Nokre av dei blei skotne i vollgrava, andre på den vesle skytebana. Den mest kjende fangen i denne perioden var sir Roger Casement, ein irsk nasjonalist som blei funnen skuldig i landssvik. Etter nokre dagar i Tower blei han avretta i Pentonville fengsel den 3. august 1916.

Under andre verdskrigen blei Tower eit samlingssenter for krigsfangar. Kring 180 fangar var innom Tower på veg til krigsfangeleirar i Nord-England, dei fleste av dei frå Luftwaffe eller frå ubåtar. To av fangane var spesielle: Den tyske generalkonsulen til Island, dr. Gerlach, sat der i tre og ein halv månad i 1940, og Rudolf Hess sat i Queen's House i fire dagar i april 1941. Rolla som fengsel blei avslutta med avrettinga av spionen Josef Jakobs på skytebana den 14. august 1941.

Bombing gjorde omfattande skadar på Tower, spesielt frå september til november 1941. Kring femten høgeksplosive bomber og ei stor mengd brannbomber trefte Tower. Fleire bygningar blei heilt øydelagde, blant anna North Bastion og Master of Assay Office. Under denne krigen blei Tower stengd for publikum frå starten av, og opna ikkje før 1. januar 1946.

Etter andre verdskrig[endre | endre wikiteksten]

I etterkrigstida har det blitt utført mykje restaurering og renovasjon i Tower. Det mest synlege for turistane er at fleire hundreårs sot har blitt skrapa av murane. Det blei òg fjerna nokre mellombelse installasjonar frå krigen; den siste bunkeren blei riven i 1959.

17. juli 1974 blei Morterrommet i White Tower ramma av ein bombeeksplosjon. Éin person blei drepen, og 41 skadd. Ingen tok på seg ansvaret for bomba, men politiet meinte at det var Det provisoriske IRA som stod bak[2]

Det er ikkje lenger nokon kongeleg leilegheit i Tower of London, men det er framleis eit kongeleg palass. Difor er det alltid to gardistar frå Dronningens garde på vakt medan Tower er ope for publikum, éin utanfor Jewel House og éin ved Queen's House.

Fengsel og rettarstad[endre | endre wikiteksten]

Fangar i Tower[endre | endre wikiteksten]

Tower blei brukt som fengsel for personar av høg rang, og for religiøse dissidentar. Fangar av høg rang, som i enkelte tilfelle til og med var av kongeleg byrd, blei gjerne plassert i nokså komfortable forhold, mens religiøse fangar hadde meir kummerlege forhold.

Den første fangen som blei sett i Tower var Ranulf Flambard, som var biskop av Durham. I 1100 blei han funnen skuldig i utpressing. Ranulf hadde sjølv vore ansvarleg for delar av utviklinga av Tower etter at den første arkitekten, Gundulf, flytta tilbake til Rochester. Han blei òg den første som flykta frå Tower, noko han klarte å gjere ved å klatre ned muren med eit tau som blei smugla inn i cella i ei vintønne. At ingen såg noko unormalt i at ei tønne vin blei levert til ein fange seier òg noko om komfortnivået han sona under.

Walter Raleigh var fengsla i Tower i tretten år, og hadde kona si og deira to barn med seg.

Blant andre kjende fangar finn ein:

Formelt slutta Tower å vere eit fengsel i 1820, men som lista viser, blei det i nokre heilt spesielle tilfelle brukt òg etter dette.

Tortur[endre | endre wikiteksten]

Torturkammeret i Tower er berykta, men var langt sjeldnare i bruk enn mytene seier. Bruken av tortur blei tidleg innskrenka i England, og det var først og fremst fangar som hamna i Tower av religiøse grunnar som blei utsett for det. Det var faktisk ikkje noko permanent innreidd torturkammer; ein brukte kjellaren i White Tower eller torturerte fangar i cellene deira.

Guy Fawkes sin signatur på tilståinga hans; øvst like etter tortur i strekkbenken, og nedst åtte dagar etter torturen. Effekten på evna hans til å styre handa er openberr.

Blant instrumenta som fanst var ein strekkbenk og Scavengers dotter, to torturinstrument med motsett funksjon: Førstnemnde strakk fangen sin kropp, mens sistnemnde pressa han saman. Begge førte til uuthaldelege smerter og skadar som ofte var permanente.

Anne Askew er den einaste kvinna ein kan dokumentere at blei torturert i Tower. Ho blei sett der i 1546 etter å ha blitt tiltalt for heresi. Sir Anthony Kingston, som var konstabel av Tower, fekk ordre om å utføre avhøyr under tortur for å få henne til å namngje andre protestantar. Ho blei lagd på strekkbenken, og heldt ut på ein måte som fekk Kingston til å beundre henne. Han nekta å fortsetje å pine kvinna, og rikskanslaren Thomas Wriothesley måtte ta over.

Avrettingar[endre | endre wikiteksten]

Kriminelle frå lågare klassar blei gjerne avretta ved hengingTyburn eller ein annan rettarstad i byen, mens dødsdømde av høgare rang blei halshogdTower Hill rett utanfor Tower.

Sju fangar av høg byrd, mellom dei to dronningar, blei halshogde på rettarstaden i Tower.
Foto: Chris Nyborg

Sju personar blei i staden avretta inne i Tower. Fem av dei var kvinner; mens kvinner frå lågare klassar blei hengde offentleg, blei ingen kvinner av høgare byrd avretta på Tower Hill, men levde skjerma innanfor murane. Dei blei avretta på Tower Green, og deretter gravlagde i det kongelege kapellet St Peter ad Vincula like ved. Nokre adelege som blei avretta på Tower Hill er òg lagt til kvile i dette kapellet. Merkinga av rettarstaden med eit skilt er noko upresis; det var ikkje noko permanent skafott på Tower Green, og plasseringa av det mellombelse skafottet varierte noko.

Dei sju, som alle blei avretta for landssvik, var:

George Plantagenet, 1. hertug av Clarence, broren til Edvard IV av England, blei avretta for landssvik i Tower i februar 1478, men ikkje ved halshogging. William Shakespeare sin versjon, der han blei drukna i ei tønne malvasiavin, er nok rein fantasi, men døden hans bar nok meir preg av å vere eit mord enn ei avretting.

To andre kongelege fangar som ein reknar med blei myrda i Tower er prinsane i Tower, Edvard V og hans yngre bror Richard av Shrewsbury, 1. hertug av York. Ifølgje Thomas More si History of Richard III leigde deira onkel Rikard III inn mordarar som kvalte dei med puter.

Under begge verdskrigane blei det òg utført avretting av spionar i Tower, på ei lita skytebane som no er fjerna. Den siste avrettinga der blei utført 15. august 1941, då den tyske agenten Josef Jakobs blei skoten av ein pelotong frå Scots Guards.

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

White Tower[endre | endre wikiteksten]

White Tower
Foto: Kjetil Bjørnsrud

White Tower er den eldste bygningen. Byggearbeidet tok til omkring 1078 under Gundulf av Rochester si leiing, og var truleg fullført kring 1097. Tårnet blei bygt for å vere ein bustad for kongen og konstabelen, med kongen på øvste nivå og konstabelen nede. Då Tower blei utvida under Rikard I flytta konstabelen ut, til eit nytt husvære ved ringmuren. Kongen flytta òg, til eit nytt palassbygg. White Tower var framleis, med sine tjukke murar, ein sikker stad for monarken og det kongelege rådet i krisetider.

Dei kongelege husværa blei til tider brukt til fangar av høg rang; det var her Ranulf Flambard blei plassert i 1100, og fleire andre geistlege og kongelege skulle følgje. Det hende òg at mindre heldige fangar blei plassert i kjellaren, men det var ikkje noko permanent fangehol der.

Innan slutten av Elizabeth I si regjeringstid hadde White Tower blitt eit arsenal, lager for slottet sine ubrukte møblar og kongeleg garderobe. I løpet av 1700-talet blei dei fleste av romma tekne i bruk som militære lager, og det blei utført fleire strukturelle endringar. Til sist blei lagera flytta ut, og Royal Armouries si utstilling av våpen blei flytta inn.

Tårnet er 27,4 m høgt, og 35,9 m frå aust til vest og 32,6 m frå nord til sør. Murane er 4,6 m tjukke ved bakken, og 3,3 m på toppen. Materialet er såkalla Kentish rag, ein kraftig kalkstein frå området rundt Maidstone. I nokre delar av bygningen er det brukt ein finare kalkstein frå Caen i Normandie. Veggene blei kvitkalka, noko som er opphavet til namnet.

Det er tårn i alle fire hjørna, tre rektangulære og eitt rundt (nordaust). I 1675 brukte astronomen John Flamsteed det runde tårnet som observatorium, før han flytta til Greenwich. Kuplane til tårna er frå Henrik VIII si tid.

I 1715 blei vindauga forstørra. Dette gjorde White Tower mindre eigna som festning, men gav mykje meir lys i romma. To par av dei originale normanniske vindauga er bevart i toppetasjen over inngangspartiet. Inngangen som no vert brukt er den opphavlege, men trappa er ein rekonstruksjon. Opningen er plassert høgt over bakken som skydd mot rambukkar.

St. Johannes' kapell[endre | endre wikiteksten]

St. Johannes' kapell

St. Johannes' kapell i White Tower er eit godt bevart eksempel på tidleg normannisk kyrkjearkitektur. Det er i kalkstein frå Caen, som er der berre kapitéla er dekorerte. Proporsjonane er perfekte, og leier blikket mot apsis med altaret. Som eit kongeleg kapell var det rikt dekorert, og den enkle tilstanden det er i no er derfor villeiande. All dekorasjon blei fjerna i 1550, under reformasjonen i England. Etter kvart blei kapellet teke i bruk som dokumentlager. Då dokumenta blei flytta til ein bygning utanfor Tower i 1857, blei det føreslått at kapellet skulle bli eit kleslager for hæren. Det blei i staden restaurert og teke i bruk som kapell igjen. Kapellet har status som Royal Peculiar, og vert brukt ved spesielle høve.

Wakefield Tower[endre | endre wikiteksten]

Wakefield Tower blei bygt mellom 1220 og 1240, under Henrik III. Kongen budde sjølv i tårnet, som er det nest største i Tower of London etter White Tower. Det var hjartet i Henrik III sitt Tower, og eitt av hovudpunkta i forsvarsverka hans ettersom det gav kontroll over hovudporten ved elvebredda, som seinare blei innlemma i Bloody Tower. Det nedre kammeret hadde oversikt over elva fram til kring 1280, då det blei fylt ut mot elva. Det øvre kammeret var Henrik III sitt soverom, med store vindauge mot landsida og ein stor peis. Sjølv om det meste av dekoren er borte, veit ein frå instruksjonane Henrik III gav omtrent korleis det såg ut.

Tronsalen i Wakefield Tower.
Foto: Steve F.E. Cameron, 2006

Under Edvard I blei tårnet i det øvre kammeret mottakingsrom til det nye kongelege husværet i St. Thomas's Tower, og det er mogeleg at det blei brukt som trone- eller audienskammer. Ei trone, kopiert frå St. Edvards stol i Westminster Abbey, står i dag i rommet.

I austveggen er det eit stort vindauge med glasmåleri, der kongen sitt oratorium eller privatkapell låg. Ein kan sjå einskilde restar av denne bruken, blant anna eit sakrarium (vask for liturgiske kar) og ei sedilia (sete for presten som forretta). Kapellet er særleg knytt til Henrik VI. Etter at han blei teken til fange av Edvard IV i 1471, under rosekrigane, blei han halden fanga i Wakefield Tower. Han blei etter kort tid myrda mens han bad i kapellet.

Tårnet blei i lang tid, frå før Henrik VI blei fengsla der, brukt som dokumentlager, men på 1800-talet blei det i staden utstillingslokale for kronregalia. Dei blei flytta til Jewel House i 1967. Tårnet er blitt restaurert, mellom anna ved at det originale murarbeidet, med steinhoggarmerker, er blitt blottlagt og at tømmertaket er blitt sett i stand.

Lanthorn Tower[endre | endre wikiteksten]

Lanthorn Tower blei bygt samtidig som Wakefield Tower. Det blei øydelagt av brann i 1774, og ruinane blei etter kort tid rivne. Den noverande bygningen er ein rekonstruksjon frå viktoriansk tid, med ei utstilling som gjev ein introduksjon til den innarste borggarden og mellomalderpalasset. Fleire gjenstandar frå 1200-talet er utstilte der.

Det var truleg i dette tårnet Elizabeth I sat som prinsesse under Maria I. Tårnet var på 1700-talet kjent som Queen Elizabeth's Tower, og standarden var høg nok for ei prinsesse som ikkje var fengsla for svik, men som måtte haldast fengsla for at ho ikkje skulle konspirere.

Salt Tower[endre | endre wikiteksten]

Salt Tower blei reist kring 1238. Ein av dei første som budde i det store kammeret der var John Balliol, den avsette kongen av Skottland. Han var fengsla der frå 1297 til 1299. I tudortida var kammeret i konstant bruk som fengsel, og er spesielt kjent for at katolske prestar sat der under Elizabeth I. Blant anna blei John Gerard torturert i Salt Tower. Nokre innskrifter på veggene frå denne perioden er bevarte, blant anna ein med eit IHS-monogram, namnet Maria og jesuittordenens motto Ad maiorem Dei gloriam.

Broad Arrow Tower[endre | endre wikiteksten]

Broad Arrow Tower har i dag ei utstilling om kammeret slik det kan ha sett ut då Sir Simon dei Burley budde der. Han var privatlærar for den unge Rikard II og måtte søkje tilflukt der under bondeopprøret i 1381.

Constable Tower[endre | endre wikiteksten]

Tårnet blei reist under Edvard I, men framstår i dag i stor grad som frå det 19. hundreår.

Martin Tower[endre | endre wikiteksten]

Thomas Blood freista i 1671 å stele kronregalia frå Martin Tower.

I tudortida blei tårnet brukt som fengsel, og fleire innskrifter frå denne tida er bevarte.

Martin Tower var det første staden der kronregalia blei utstilt, i 1669. Dei var først på bakkenivå, mens vaktaren, Keeper of the Regalia, budde i etasjen over. I 1671 stal Thomas Blood regalia frå tårnet, men kom seg ikkje ut av festninga.

Brick Tower, Flint Tower og Bowyer Tower[endre | endre wikiteksten]

Brick Tower, Flint Tower og øvste etasje av Bowyer Tower blei bygt opp att i det 19. hundreår. Det skal ha vore i Bowyer Tower at George Plantagenet, 1. hertug av Clarence blei avretta eller myrda i 1478.

Devereaux Tower[endre | endre wikiteksten]

Devereaux Tower, med White Tower til høgre.
Foto: Kjetil Bjørnsrud

Devereaux Tower har namn etter Elizabeth I sin yndling Robert Devereux, 2. jarl av Essex, som var fange der etter avgangen; han blei avretta på Tower Green. Tårnet står ved det nordvestlege hjørnet av den indre borggarden, mot City of London.

Beauchamp Tower[endre | endre wikiteksten]

Beauchamp Tower blei bygt av Edvard I kring 1281, og erstatta porthuset frå Henrik III si utviding. Interiøret viser at det blei brukt mykje tegl, noko som er eit kjenneteikn på bygningane frå Edvard I si tid, og var på den tida ein innovasjon i engelsk slottsbygging.

Tårnet har namn etter Thomas dei Beauchamp, 12. jarl av Warwick, som blei fengsla der av Rikard II frå 1397 til 1399. Det var spesielt eigna for fangar av høg rang, fordi det hadde eit stort kammer, og fordi det låg rett ved bustaden til konstabelen. Seinare sat blant anna John Dudley, 1. hertug av Northumberland og hans fem søner der, og under Elizabeth I døydde Philip Howard, 20. jarl av Arundel i tårnet.

Bell Tower[endre | endre wikiteksten]

Bell Tower og ringmuren bort til Bloody Tower stammar frå den første utvidinga av Tower of London i 1190-åra. Dei stod då heilt nede ved elva. Tårnet blei truleg bygt i to fasar; den nedste etasjen er polygonal, mens den øvste er rund. I dei siste fem hundreår har ei klokke ringt kvar dag når portforbodet startar i Tower; den noverande klokka er frå 1651.

I tudortida sat ei rekkje høgtståande personar fengsla i Bell Tower, blant anna Thomas More, Arbella Stuart og truleg James Scott, 1. hertug av Monmouth. Ifølgje tradisjonen skal òg Elizabeth I ha sete der som prinsesse i Maria Is regjeringstid. Eit stykke av muren utanfor vert difor kalla Elizabeth Walk. Det er likevel meir sannsynleg at ho sat i Lanthorn Tower, som hadde ein langt høgare standard.[3]

Bloody Tower[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruert renessanseinteriør i Bloody Tower.
Kjetil Bjørnsrud (2005)

Bloody Tower var den opphavlege porten til den indre borggarden frå elvesida, inntil St. Thomas's Tower blei reist. Det øvre nivået blei bygt om under Edvard III, omkring 1360. På nedste nivå er vinsjen som styrer porten; opphavleg var det òg ein indre port. Kammeret i tårnet var eit luksushusvære. Det blei brukt til fleire fangar av høg rang, som erkebiskopane Thomas Cranmer og William Laud av Canterbury, og George Jeffreys, 1. baron Jeffreys.

Opphavleg heitte det Garden Tower, fordi det ligg ved sidan av løytnanten sin hage, men i løpet av tudortida fekk det namnet Bloody Tower, «Det blodige tårnet», fordi Jakob I under eit besøk i 1604 blei fortald at det var der prinsane i Tower blei myrda. Om dette er tilfelle vert ikkje visst; to skjelett som kan vere prinsane sin blei funne i nærleiken av White Tower i 1674, og det er ingenting anna enn eit gammalt rykte som knyter dei til Bloody Tower. To andre dødsfall fann derimot sikkert stad i Bloody Tower: Henry Percy, 8. jarl av Northumberland skøyt seg antagelig der i 1585 for å sleppe å bli dømet for landssvik og dermed få eigedommane til slekta inndrege (han kan òg ha blitt myrda), og i Jakob Is regjeringstid blei Sir Thomas Overbury forgifta i tårnet.

Tårnet er no møblert slik det kan ha sett ut mens Sir Walter Raleigh sat fengsla der i tretten år, frå 1603 til 1616. I denne perioden blei tårnet forhøgde og ein etasje til blei sett inn, slik at Raleigh og familien hans, som budde hos han, skulle få nok plass.

Queen's House[endre | endre wikiteksten]

Queen's House
Foto: Chris Nyborg, 2008

Queen's House er eit L-formet bindingsverksbygning i tudorstil. Det var opphavleg kjend som Lieutenant's House, og fekk sitt noverande namn først under dronning Victoria. Bygningen skiftar namn etter kva for kjønn monarken har. Resident Governor of the Tower of London, løytnanten sitt sidestykke, har bustaden sin der og huset er derfor ikkje ope for publikum.

Også i denne bygningen blei mange viktige fangar plasserte, under løytnanten sitt oppsyn. Etter tradisjonen var den første av dei Anne Boleyn og den neste Katarina Howard, Henrik VIII si andre og femte kone, som begge blei avretta på Tower Green. Det er mogeleg at Katarina blei halden der, men historia om Anne stemmer ikkje; bygningen blei reist i 1540, fire år etter at ho blei avretta. Det kan vere ein kjerne av sanning i historia, dersom ho blei plassert i bygningen som tidlegare låg på staden, men det virke usannsynleg at den hadde høg nok standard for ei dronning, sjølv ein som var dømet for landssvik. I rådskammeret i den øvre etasjen er eit minnesmerke over krutkomplottet; Guy Fawkes blei avhøyrt i dette rommet både før og etter han blei torturert. Den siste fangen i bygningen var Rudolf Hess, som sat der i fire dagar i mai 1941.

St. Peter ad Vincula[endre | endre wikiteksten]

St. Peter ad Vincula
Foto: Chris Nyborg, 2008

St Peter ad Vincula er eit kongeleg kapell med status som Royal Peculiar. Dette var den siste kvilestaden for dei som blei avretta på Tower Green, og for mange som døydde på Tower Hill. Den første kyrkja på staden var soknekyrkje for området utanfor det opphavlege Tower of London, men då Henrik III utvida slottet kom ho innanfor murane. Den noverande bygningen er frå 1519–1520, det vil seie i Henrik VIII si regjeringstid.

Kapellet inneheld ei rekkje monument over offiserar ved Tower og familiemedlemmene deira. Blant kjende personar som er gravlagde der er dronningane Anne Boleyn, Katarina Howard og Jane Grey, og dei to katolske helgenane Thomas More og John Fisher. I 1876 blei leivningane under golvet gravne opp, med dronning Victorias godkjenning. Dei som kunne identifiserast, som Anne Boleyn, blei gravlagd på nytt framfor altaret.

Waterloo Block og Jewel House[endre | endre wikiteksten]

Gardist frå Coldstream Guards utanfor Jewel House.

Waterloo Block, tidlegare kjend som Waterloo Barracks, er ei brakke med plass til meir enn tusensoldatar. Det bli reist mens hertugen av Wellington var konstabel i Tower, og er i nygotisk stil.

Den vestlege enden er kjend som Jewel House, og har sidan 1967 husa kronregalia.

Royal Fusiliers Museum[endre | endre wikiteksten]

Royal Fusiliers Museum ligg i den tidlegare offisersmessa, som no er hovudkvarter for Royal Regiment of Fusiliers. Regimentet blei grunnlagt i Tower i 1685, først for å vakte kanonane ved festninga. Dei blei etter kvart òg brukt i teneste andre stader, og muséet viser historia til regimentet både i Tower og på oppdrag i og utanfor Storbritannia.

Hospital Block[endre | endre wikiteksten]

Hospital Block var opphavleg ein kontorbygning for Board of Ordnance, og blei reist 1699–1700. Han blei seinare sjukehus for garnisonen.

New Armouries[endre | endre wikiteksten]

New Armouries blei bygd for Board of Ordnance 1663–1664. Han blir no brukt av Royal Armouries.

St. Thomas's Tower[endre | endre wikiteksten]

Den berykta Traitor's Gate, der fangar kom i båt.
Foto: Steve F-E-Cameron, 2007

St. Thomas's Tower står i den ytre muren mot Themsen. Tårnet blei reist av Edvard I mellom 1275 og 1279 for å erstatte Henrik III sitt kongelege husvære i Wakefield Tower. Hallen har blitt rekonstruert, og eit oratorium har fått nytt farga vindaugsglas. Dei har late eitt kammer vere slik det var, slik at ein kan sjå kor mykje romma har forandra seg gjennom hundreåra. I samband med kroninga av Anne Boleyn i 1532 blei det meste av tårnet bygt om slik at høgare hoffmedlemmer kunne få rom der.

Tårnet er mest kjent for porten Traitor's Gate, «Forrædarporten». Gjennom denne kom mange av fangane i Henrik VIII si tid med båt til Tower. Porten blei opna og lukka av ei maskin som blei drive anten av tidevatn eller av hestar, og som når porten ikkje var i bruk kunne brukast til å bore ut kanonløp. Ein kanonverkstad blei oppretta i tårnet. Det var òg ein annan port, ein privat inngang for kongelege som kom elvevegen. Under Edvard III blei denne erstatta av ein ny port i Cradle Tower, like ved Lanthorn Tower.

Well Tower[endre | endre wikiteksten]

Well Tower, «Brønntårnet», er kanskje det einaste tårnet utanom White Tower som har behalde det opphavlege namnet sitt. Men det er eit misvisande namn: Det er ikkje nokon brønn i tårnet, men sjakter som ein firte ned bøtter gjennom og henta opp vatn frå Themsen.

Tidlegare bygningar[endre | endre wikiteksten]

Menasjeriet i Lion Tower[endre | endre wikiteksten]

Det kongelege menasjeriet blei oppretta på 1200-talet, sannsynlegvis kring 1235 under Henrik III, men kanskje allereie i 1204 under Johan. Dei første dyra blei henta frå eit menasjeri som Henrik I hadde oppretta i 1125 i Woodstock. I 1235 fekk Henrik III tre leoparder i bryllupsgåve – kanskje var det løver ettersom dei to artane ofte blei blanda saman i mellomalderen – frå Frederik II av det tysk-romerske riket. I 1264 blei dei flytta til The Bulwark, som blei døypt om til The Lion Tower. Dette tårnet låg ved den vestlege inngangen til Tower. Under Elizabeth I blei menasjeriet av og til opna for ålmenta. Det er funne ein løveskalle som er karbondatert til mellom 1280 og 1385, noko som tyder at det er det eldste kjende funnet av eit av dei store kattedyra på De britiske øyar[4].

Innan 1804 hadde menasjeriet blitt opna for publikum på jamleg basis. Det var i denne dyrehagen William Blake såg tigerein som skal ha inspirert han til å skrive diktet The Tyger. Den siste direktøren, Alfred Cops, som tok over i 1822 kom til eit menasjeri som var i forferdeleg dårleg forfatning. Han skaffa nye dyr, og publiserte ein illustrert, vitskapleg katalog. Men dyrehagen sine dagar var snart talde, ettersom London Zoo skulle opne i Regent's Park. Av kommersielle omsyn, omsynet til dyra si velferd og eit ynske om å ruste opp Tower som festning, blei dyra flytta. Dei siste forlét Tower i 1835. Det meste av Lion Tower blei rive, slik at berre porten Lion Gate står igjen.

Yeoman Warders[endre | endre wikiteksten]

Yeoman Warder, eller «Beefeater»

Tower of London er mest kjend internasjonalt for sin Yeoman Warders, for mange meir kjend som «Beefeaters». Dei ber til dagleg ei mørk blå kvardagsuniform med raude striper og monarken sitt monogram i raudt. Når monarken besøkjer Tower, eller Warders er på vakt under ein statsseremoni, ber dei dei tradisjonelle raude uniformene med gullstriper frå Tudor-tida, svært lik dei Yeomen of the Guard ber. Deira opphavlege funksjon var den britiske monarken sine personlege livvakter og fangevaktarar. I dag har the Yeoman Wardens berre seremonielle oppgåver, og fungerer stort sett som turistguidar. Det er pensjonerte offiserar frå hæren og marinen som får stillingane, og det blir omtykt som ei ære.

Den eldste og av dei mest interessante seremoniane på Tower, er «Ceremony of the Keys». Denne seremonielle stenginga av Tower for kvelden har vore meir eller mindre uforandra i 700 år.

Blant Yeoman Warders har det gått sport i å presentere den typisk britiske knusktørre humoren for turistane. Dette gjeld særleg når dei skal svare på spørsmål som dei har fått tusen gonger før. Eit par typiske eksempel: Då ein turist spurde kvar dei halshogde folk, svarte vaktaren: «Normalt rett over skuldrene», og då ei kvinne spurte om alle ramnane blei gravlagde på same stad svarte ein vaktar: «Nei, frue, berre dei døde».

Ramnane[endre | endre wikiteksten]

To av ramnane i Tower. I bakgrunnen ein av dei to gardistane frå Dronningens garde.
Ingo Zwank (2006)

Det er ein gammal tradisjon at det skal vere minst seks ramner i Tower of London. Karl II skal ha kravd at dei måtte fjernast, fordi dei forstyrra den kongelege astronomen John Flamsteed mens han arbeidde der (sjå White Tower). Men dette skjedde ikkje, fordi nokon fortalde kongen legenda om at dersom ramnane forlèt Tower, vil White Tower, monarkiet og riket falle. Etter borgarkrigen og avrettinga av Karl I tok kongen ikkje sjansen på å utfordre lagnaden, og fekk i staden flytta observatoriet til Greenwich.

Towers offisielle historikar, Geoffrey Parnell, har ikkje funne nokon skriftleg referanse til ramnane som er eldre enn 1895, men ingen veit når dei først kom og når legenda oppstod[5]. Ville ramnar var tidlegare vanlege i London, spesielt rundt kjøtmarknadene. Det er godt mogeleg at ramnar som levde av avfall frå marknaden ved Eastcheap på eit tidleg tidspunkt begynte å halde til i Tower.

Under andre verdskrigen døydde alle unnateke éin, Grip, av sjokk under bomberaida. Før Tower blei opna opp att i 1946 sørgde ein for å ha seks ramnar på plass.

Det er no åtte ramnar, som har vorte vingeklypte for å hindre dei i å fly avgarde. Dei vert tekne hand om av ein Ravenmaster, ei oppgåve som blir gjeven av ein av Yeoman Warders. Ramnane sine namn, kjønn og alder var pr. november 2006:

  • Gwylum (M/18)
  • Thor (M/15)
  • Hugin (F/11)
  • Munin (F/11)
  • Branwen (F/3)
  • Bran (M/3)
  • Gundulf (M/1)
  • Baldrick (M/1)

I 2006 blei ramnane flytta innandørs ein periode på grunn av frykt for fugleinfluensa, men sidan juli same år har dei gått ute på plenane.

Når ei ramn døyr, blir ho gravlagd på området, og namnet blir føydd til på eit skilt ved grava.

Kronregalia[endre | endre wikiteksten]

Kronregalia, eller kronjuvelane, har vore i Tower of London sidan 1303, etter at dei blei stolne frå Westminster Abbey. Det meste skal ha blitt funne att etter kort tid. Etter kroninga av Karl II blei dei låste inn, men publikum kunne få høve til å sjå dei ved å betale ei avgift til vaktaren. Denne ordninga tok slutt frå Thomas Blood stal regalia etter å ha bunde og knebla vaktaren.

Regalia blei så oppbevart i Wakefield Tower i omtrent hundre år. Der blei dei vakta av væpna vakter. Under andre verdskrig blei dei fjerna av tryggleiksomsyn, og skal ha blitt oppbevarte anten i kvelvet til Sun Life Insurance Company i Montreal i Canada saman med Bank of Englands. gullreserve, i Round Tower i Windsor Castle eller i Fort Knox i USA. Windsor er det mest sannsynlege alternativet, ettersom regalia ikkje skal forlate riket.

I 1967 blei dei flytta til eit nytt Jewel House i Tower, der dei framleis er. For mange gjester til Tower er det å sjå kronregalia eit høgdepunkt, og det er ofte lange køar. For å handtere dei mange gjestene, og samtidig kunne varetake tryggleiken, må ein stå på eit rulleband som køyrer sakte forbi regalia.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fisher 1987
  2. BBC: On this day 17 July 1974, henta 2007-07-20
  3. Parnell 1998, s. 36
  4. BBC-908 «Big cats prowled London's tower», BBC News Online, 2005-10-24
  5. «Tower's raven mythology may be a Victorian flight of fantasy», Guardian Unlimited 2004-11-15, henta 2007-07-20

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tower of London