Tråg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tråg og ryggar i vestavinden i høgare nivå for den nordlege halvkula med konvergens- og divergensregionar.
Lågtrykk der frontane følgjer tråga bort frå lågtrykkssenteret

Eit tråg er eit langstrekt område med relativt lågt lufttrykk, ofte knytt til frontar.

I motsetnad til frontar finst det ikkje eit universelt symbol for tråg på vêrkart. På vêrkart i somme land, som i Noreg, er tråga markert med ei linje. I andre land er tråg markert som ei stipla linje. Sjølv om tråget ikkje er markert med ei linje kan ein likevel sjå tråget i eit område der isobarane strekkjer seg bort frå lågtrykkssenteret.

Stundom kan området mellom to høgtrykkssenter ta liknande form som eit tråg når det er ei merkbar vindendring ved overflata. Utan denne vindendringa er dette området som ein sadel mellom to fjelltoppar.

Om eit tråg oppstår på midlare breiddegrader er det som regel ein temperaturskilnad på kvar side av tråget i form av ein front. Ein front er vanlegvis mindre konvektiv enn eit tråg i tropane eller subtropiske strøk (som ei tropisk bølgje). Stundom vil gamle frontsystem verte omvandla til tråg.

Konvektive celler kan oppstå i nærleiken av tråg og føre til at tropiske syklonar oppstår. Somme tropiske og subtropiske område som Filippinane eller Sør-Kina vert ofte råka av konveksjonsceller langs tråg. I vestavindsbeltet på midlare breidder oppstår tråg og ryggar vekselvis, særleg når vinden i høgda svingar kraftig. For eit tråg i vestavindsbeltet er regionen like vest for tråg-aksen typisk eit område der vinden konvergerer og lufta søkk ned mot bakken. Dette medfører høgtrykk. Området aust for trågaksen har divergerande vind og lågtrykk.

Trågtypar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til vanlege tråg, har ein enkelte tråg med særskilde eigenskapar.

Le-tråg[endre | endre wikiteksten]

Eit «le-tråg» er det same som eit «dynamisk tråg», eit tråg som oppstår på lesida av ei fjellkjede når vinden bles direkte mot fjellryggen. Dette kan ein ofte sjå i USA på austsida av Rocky Mountains, og stundom aust for Appalachane. Dette er medverkande til lågtrykksdanninga i Atlanterhavet og lågtrykka som kjem inn mot Europa. Tråga oppstår anten som følgje av adiabatisk kompresjon når lufta søkk på lesida av ei fjellkjede, eller gjennom syklogenese som oppstår når ei vertikal luftsøyle passerer over ein rygg og ein får horisontal konvergens.[1][2]

Omvendt tråg[endre | endre wikiteksten]

Eit omvendt tråg er orientert motsett veg enn den vanlege orienteringa til tråg på midlare breiddegrader. Den mest vanlege typen omvendte tråg er ei tropisk bølgje.

Termalt tråg[endre | endre wikiteksten]

Eit termalt tråg er eit tråg som har oppstått på grunn av intens oppvarming, vanlegvis i ein lukka dal som Central Valley i California. Eit slikt tråg liknar på og fungerer på liknande måte som ein monsun, og trekkjer inn fuktig havluft. I California er denne lufta for stabil til at ein får danna torevêr på Stillehavssida.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «American Meteorological Society Glossary - Lee trough». Allen Press Inc. Juni 2000. Henta 25. oktober 2009. 
  2. Jeff Haby. «What is a Lee-side Trough (Low)?». TheWeatherPrediction.com. Henta 25. oktober 2009.