Trål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teikning av ein trål.

Trål (frå engelsk trawl) er ein type fiskereiskap. Ein trål er forma som ei lang trakt (trålpose), og blir slept etter eit farty - ein trålar.

Generelt[endre | endre wikiteksten]

Tråling er ein fisketeknikk som har eksistert sidan 1500-talet, og har utvikla seg frå små handhaldne reiskapar til fabrikktrålarar som kan fiske og produsere eit hundretal tonn fisk kvart døger. Trålarar blir brukte for å fange dei fleste artane av fisk og i tillegg reker og andre skaldyr. Tradisjonelt tenkjer dei fleste på botntrålarar som fiskar reker, torsk, sei og liknande, men det blir tråla etter eit stort utval av artar på dei fleste djup. Den trålinga som går føre seg høgare i sjøen enn botntrålinga blir kalla pelagisk tråling.

Moderne trålarar finst i ein rekkje storleikar og fasongar tilpassa mange ulike typar fangst og tilhøve og inkluderer ei rekkje reiskapar i tillegg til sjølve trålposen (som i seg sjølv er sett saman av fleire samansydde delar). I dag brukar trålarane vanlegvis to tråldører eller tilsvarande innretningar som er laga for å få optimal sidevegsopning under tauing. Med mindre det blir drive partråling, då blir to skip nytta for å taue (trekkje) ein enkelt trål, og kvart av skipa tauar ein wire til kvar si side av opninga. Då blir sidevegsopninga av trålposen styrt av avstanden mellom skipa. Denne metoden er likevel nokså sjeldan og fartya opererer som oftast åleine. Fleire moderne farty som driv med botntråling kan fiske med fleire trålposar samstundes (dobbel- eller trippeltråling). Då blir det i tillegg brukt eitt eller fleire senterlodd mellom trålposane ettersom tråldørene berre kan bli brukte i ytterkantane.

Oppbygging og verkemåte ved botntråling[endre | endre wikiteksten]

Skalamodell av botntrål sett frå sida. Tråldørene er normalt utanfor venstre bildekanten.

Frå morskipet, som vanlegvis tauar i ein fart på 2,5 - 4 knop, går det ein stålwire ned til tråldørene og eventuelle senterlodd. I denne farta vil tråldørene stå på høgkant med eine sida i kontakt med botnen for å kvervle opp mudder og lage lyd, delvis for å skjule trålopninga og dels for å tiltrekke fisk. Samstundes er dei utforma til å trekkje sidevegs for å sørgje for ei optimal sideopning av trålen, medan senterlodda ruller langsmed botnen mellom trålane ved dobbel- og trippeltråling. Tråldørene og senterlodda er i dei fleste tilfella utstyrte med sensorar som gir signal om innbyrdes avstand for å halde oversyn over sideopningane på trålen. Desse dataa kan òg bli brukte til å påvise problem med tråldører og senterlodd som t.d. kryssing av wire mellom skipet og trålen.

Trålposen er festa til tråldører og senterlodd med wire, dei to øvste er festa i vengjene av trålen og den øvste av desse er festa til «headline» av trålen, som ligg i overkant av vengjene og inneheld eit varierande tal på fløytkuler, dei lyse områda på headlinen. Headlinen si oppgåve er hovudsakleg å hjelpe med oppdrift for at den vertikale opninga av trålen skal bli størst mogleg. Det er ofte også montert eit trålauge i opninga. Dette er ein sensor som er lik den ein finn i eit ekkolodd og blir brukt til å lese av temperatur, vise tråldjupna og den vertikale opninga av trålen, og sjå om det er fangst å få. Den nedste wiren er festa til ein kjetting eller wire som er påsett ei rekkje «bobbins» (store stålkuler med hol gjennom til kjetting eller wire). Desse skal sørgje for å halde giret i kontakt med botnen og er laga for å rulle langsmed havbotnen på same måte som giret. Giret er i hovudsak bygd opp av solide runde hjul av gummi med kjetting tredd gjennom og er laga for å rulle lett langsmed havbotnen. Giret har fleire funksjonar som å verne sjølve trålposen ved å kunne hoppe over steinar og andre liknande hindringar. På grunn av dette blir det ofte kalla ein «rock-hoppar». Giret er også designa for å gjere minimale skader på havbotnen. Dette i motsetnad til tidlegare, då ein visste lite om skadeverknadene av botntråling.

Trålen si fiskeline er festa til giret, og er underste del av trålposen. Det er ofte festa fløytkuler på fiskelina, men i langt mindre grad enn på headlina, også dette for å halde belgen klår av giret og redusere trykket giret har på havbotnen. Belgen er størstedelen av alle trålar, og strekkjer seg frå bakanfor vengjene og heilt bak til sorteringsrista.

I dei fleste farvatna er det strenge kontrollar når det gjeld minstestorleiken på fisken og sidefangst. Ettersom ein trål samlar opp alt som kjem inn gjennom opninga, må ein skilje ut fisk som er under minstemålet dersom ein fiskar etter fisk. Ved reketråling vil ein unngå at større fisk og eventuelle artar ein ikkje har kvote på, slepp inn i sekkane. Når ein fiskar etter vanleg botnfisk, vil ein unngå fisk under eit visst minstemål. Ein effektiv metode å unngå dette på er å tilpasse maskevidda. I ein vanleg trål blir som oftast maskevidda mindre etter kvart som ein nærmar seg sekken. I tillegg til dette blir det brukt sorteringsrister som i hovudsak er ei slags metallgrind som blir sett inn framfor sekken for å skilje ut fisk og andre objekt som er større enn ein viss storleik. Ristene for både reker og fisk er i prinsippet like, men det er ein skilnad: Ristene til rekefiske slepp ut dei største objekta gjennom eit hol i taket på trålen (oversida av trålen), medan når ein fiskar etter fisk vil det som kjem seg gjennom rista gå attende i havet. Det er òg i mange tilfelle montert sensorar i ristene. Desse sensorane gir informasjon om vinkelen på ristene i sjøen. Dette er viktig ettersom ristene kan ha snudd seg opp-ned medan skipet la ut trålen, noko som resulterer i at trålen blir vridd og ingenting kjem inn i sekkane.

Heilt bakerst på ein trål finn ein sekken, eller «cod-end». Det er her alt som har sloppe gjennom sorteringsrista hamnar. Sekkane har fleire lag not som blir knytte saman bakerst med tau for enkelt å kunne tømme sekkene. Det er også nokså vanleg at ein sensor er sett på for å gje melding når posen har nådd ein viss storleik.

Miljøutfordringar ved trålfiske[endre | endre wikiteksten]

Trålpose med fangst.

Trålfiske i ope hav stiller store krav til styresmaktene når det gjeld kontroll av farty, utstyr og fangst. Det er grunn til å tru at fiskejuks hender. Det vil seie at undermåls og uønskt fangst blir dumpa på havet, slik at den tillatne kvota kan bli ført i land med fisk av beste kvalitet. Den norske Kystvakta, som er utøvande myndigheit i samband med fiskeri, held strengt oppsyn med fiskefarty i norsk økonomisk sone. Dei meiner at både mellom norske båtar og i norske farvatn er dette eit lite problem generelt sett.

Sjølv om trålfiske er strengt regulert i dei fleste farvatna er metoden omstridd, og mange meiner at botntråling er uheldig for miljøet. Det er særleg tre tilhøve som blir trekte fram:

Botntråling gjer skade på botnfaunaen[endre | endre wikiteksten]

Sidan botntråling inneber sleping av tung reiskap langs havbotnen, kan ein vanskeleg unngå å skade botnen og livet som finst der. Særleg er det uro kring verknaden på kaldtvatnskorallreva, som er eit viktig habitat for mange artar. Det har heldigvis vore eit stort fokus på dette dei siste tiåra og styresmakter, reiarlag og utstyrsutviklarar saman med havforskningsinstansar har teke del når det gjeld omlegging av fiskeområde og utvikling av reiskapar som i stor grad reduserer miljøskadene på havbotnen.

Trålen skil ikkje mellom ønskt og uønskt fangst[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var dette eit stort problem, men også her har auka miljøfokus ført til gode metodar for å sortere ut uønskt fangst medan trålen er i sjøen. Høgare krav til handsaming etter ombordtaking har også ført til at fleire sjødyr blir sorterte ut av fangsten i live.

Trålfiske har høgare drivstoffbruk enn kystfiske med lettare, passiv reiskap[endre | endre wikiteksten]

Dette er framleis rett om ein samanliknar gjennomsnittleg drivstoffbruk per båt, men i begge gruppene har drivstoffbruken gått tydeleg ned dei siste tiåra som ein naturleg del av at reiarlaga ønskjer å redusere forbruket frå ein økonomisk ståstad. Trålfiske har også høgare tal på produserte tonn matvarer pr. m diesel.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Karlsen, Ludvig: Redskapslære og fangstteknologi, Landbruksforlaget, 1998 ISBN 82-529-1791-7
  • Karlsen; Gjøsæter; Hamre: Fiskeriteknolgi, Juul forlag, 2001, ISBN 82-529-2387-9
  • Karlsen, Kjeldsberg, Sandnes, Hay, Juul (red.): Båten, bruket og fangsten, Juul forlag, 2009, ISBN 978-82-8090-020-3