Tríkala
| Tríkala Lokalt namn: Τρίκαλα |
|
|---|---|
Borga i Tríkala |
|
| Geografi | |
| Stad | Thessalía |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 608,5 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining |
Thessalía Tríkala |
| Hovudsete | Tríkala (61 653 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 81 355 (2011) |
| Folketettleik | 133,9 /km² |
Tríkala (gresk Τρίκαλα), tidlegare Trikka, er ein by og ein kommune i periferieininga Tríkala i Thessalía i Hellas. Han er òg hovudstad i periferieininga og ligg nordvest for Aten og Kardítsa, aust for Ioánnina og Métsovo, sør for Grevená, sørvest for Thessaloníki og vest for Lárisa.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Byen ligg på ei frodig slette i Thessalía sentralt i Hellas og er byen Homer omtalte som Trikka (eller Trikki), fødestaden til tre av argonautane og eit av områda som vert nemnd som fødestad for Asklepios.
Ein austromersk festning ligg i dag på den grunnmuren til den tidlegare akropolisen. Byen vart okkupert av osmanarane under den gresk-tyrkiske krigen 1897 i seks månadar.
Administrativ inndeling [endre]
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei åtte tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell nettstad (gresk)
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Trikala frå Engelsk Wikipedia .