Trölladyngja

Koordinatar: 63°56′N 22°06′W / 63.933°N 22.100°W / 63.933; -22.100
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trölladyngja
vulkan
Land  Island
Vulkantype Skjoldvulkan
Høgd 1 468 moh.
Primærfaktor Nesten 600 m
Koordinatar 63°56′N 22°06′W / 63.933°N 22.100°W / 63.933; -22.100
Kart
Trölladyngja
64°53′35″N 17°15′17″W / 64.893055555556°N 17.254722222222°W / 64.893055555556; -17.254722222222
Wikimedia Commons: Trölladyngja (North Iceland)

Trölladyngja er den største skjoldvulkanenIsland med ei høgd på 1 468 meter over havet. Han ligg på lavasletta Ódáðahraun og stig nesten 600 meter opp frå den omliggande sletta.

Vulkanen er om lag 10 km i diameter og har ein inklinasjon på 4 til 5° i dei lågare fjellsidene, men 6 til 8° i høgare område. Det avlange krateret er om lag 1,2 til 1,5 km langt, 500 meter breitt og om lag 100 meter djupt.

Det meste av lavasletta har strøymd nordover og nådde mellom anna dalen Bárðardalur om lag 100 km borte.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]