Tröllaskagi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Tröllaskagi

Tröllaskagi er ei halvøy nord på Island mellom fjordane Eyjafjörður og Skagafjörður. Halvøya er fjellkledd med fleire toppar over 1000 meter over havet. Den høgaste av desse er Kerling på 1 538 meter.

Fleire djupe dalar går inn på halvøya, som vart danna av isbrear under den siste istida og seinare av elvane som no renn gjennom dei. Eit par isbrear ligg framleis att sentralt på halvøya, men dei er forholdsvis små.

Busetjinga er berre mogeleg langs dei relativt flate lågområda langs kysten og i dalane, men desse er tett folkesett ut frå islandsk standard og viktige jordbruksområde. Av busetjingar på halvøya finn ein Hofsós, Hólar, Siglufjörður, Ólafsfjörður, Dalvík, Árskógssandur, Hauganes, Hjalteyri, Akureyri og Hrafnagil.

Hringvegur, den islandske ringvegen går gjennom Tröllaskagi mellom Siglufjörður og Eyjafjörður gjennom ein fjellovergang kalla Öxnadalsheiði der vegen når ei høgd på 540 meter over havet. Dårleg vêr på vinterstid skapar ofte problem for trafikken over her og fleire tunnellprosjekt er føreslått.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]