Trønderbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trønderbanen var prosjektnamnet åt NSB på koordineringa av persontog på jernbanestrekningane mellom Oppdal, Røros, Trondheim og Steinkjer. På 1990-talet vart lokaltogtilbodet i Nord- og Sør-Trøndelag omorganisert. Omgrepet Trønderbanen vart laga av Gunhild Myren frå Sandvollan i Inderøy kommune, som vann ein namnekonkurranse i samband med det nye togtilbodet i 1993.

Frå og med 1. januar 2004 nyttar ikkje lenger NSB namnet Trønderbanen i anna enn uformelle samanhengar. Likevel er omgrepet mykje brukt på folkemunne og i media. I politiske debattar og forskingsrapportar er det òg framleis vanleg å kalla lokaltogtilbodet i Trøndelagsfylka for Trønderbanen.

I Trønderbanen inngår Dovrebanen, Rørosbanen, Nordlandsbanen og Meråkerbanen. Likevel kan ein sjå at Meråkerbanen ikkje er rekna med i somme samanhengar.

Lokaltog i Trøndelag har kjørt på desse jernbanelinene[endre | endre wikiteksten]

Eit lokaltog på Trønderbanen stoppar på Røstad stasjon i Levanger

Passasjertal og materiell[endre | endre wikiteksten]

Etter omorganiseringa fekk Trønderbanen mellom anna avgangar på faste tidspunkt, stort sett kvar heile time, mellom Trondheim og Steinkjer.

Trønderbanen har hatt ein jamn auke i passasjertall.[1] I 2018 reiste kring 1,45 millionar passasjerar med lokaltog rundt Trondheim[2]

Trønderbanen er trafikkert med dieseltog av NSB type 92 og type 93. Togsetta har hatt internettilkopling for passasjerar sidan juni 2012.[3] Nye såkalla bimodale togsett er tinga og vil bli sett i trafikk frå og med 2020.[4] Desse toga er elektriske, men kan kjøre på diesel på dei strekningane som ikkje er elektrifiserte.

Modernisering på 2000-talet[endre | endre wikiteksten]

Ein ny togtunnel gjennom Gjevingåsen vart offisielt opna av samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa 23. august 2011. Tunnelen reduserte reisetida mellom Trondheim og Nord-Trøndelag med opptil fem minutt. Kapasiteten på strekninga mellom Hommelvik og Hell auka frå 5,4 til 8 tog i timen. Den tidlegare jernbanelina mellom dei to stasjonane var dessutan ofte utsett for ras, og ein tunnel vart difor rekna som ei tryggare og meir stabil løysing.[treng kjelde] Frå Hommelvik stasjon nordover er sporet fjerna fram til Muruvik. Frå Hell-sida er det eit sidespor fram til Muruvik.

På grunn av at lokaltoga i Trøndelag fekk jamt fleire passasjerar etter tusenårskiftet, byrja det politiske miljøet i dei to fylka å arbeide for modernisering av Trønderbanen. Det dreier seg om elektrifisering Trondheim-Steinkjer og Hell-Storlien og utbygging av dobbeltspor på strekninga Trondheim-Stjørdal. Fylkeskommunane i Trøndelag og Regionförbundet Jämtlands län stifta Foreningen Elbanen STS (Steinkjer - Trondheim - Storlien). Politikarane la vekt på at folketalet i Trondheimsregionen voks såpass snøgt at ein raskare bane med større kapasitet var naudsynt i framtida. Dei argumenterte òg for at opprustinga av Meråkerbanen ville vera ein stor fordel for gods- og persontrafikk mellom Trøndelag og Jämtland. Jarnbanen var allereie elektrifisert på svensk side, men berre dei norske dieseltoga kunne køyra heile strekket mellom Trondheim og Østersund på Nabotåget. Dessutan poengterte både politikarar og NSB for at ein burde nytta høvet når det likevel snart var på tide å kjøpa nye togsett til å investera i moderne, elektriske lokomotiv.

I 2016 vart ein del av dobbeltsporet mellom Hell og Værnes inklusive ny bru jernbanebru over Stjørdalselva tatt i bruk.[5]

I 2019 vart nye Leangen stasjon opna.[6]

Elektrifisering[endre | endre wikiteksten]

Strekninga frå Oppdal til Trondheim var ferdig elektrifisert i 1970 som ein del av elektrifiseringa av Dovrebanen. I Nasjonal transportplan 2014-2023 vart det for første gong sett av midlar til elektrifisering av Meråkerbanen og Nordlandsbanen fram til Steinkjer. Bane Nor har detaljplanlagt utbygginga[7], men kostnadane var i første omgang for høge til at utbygginga vart starta. Prosjektet er inne i Nasjonal transportplan 2018-2029. Hausten 2019 kom det fram at det er sett av midlar til oppstart av etappevis elektrifisering i 2020.

Når Meråkerbanen er elektrifisert har SJ varsla at det vil starte med hurtige direktetog mellom Trondheim og Stockholm.[8]

NSB dieselmotorvogn type 93 på Røros 1. april 2002.
Foto: Svein Sando

Kjelder[endre | endre wikiteksten]