Trabzon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 41°00′N 39°44′E
Trabzon
by
none
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Provins Trabzon
høgd moh
koordinatar 41°00′N 39°44′E
Areal 4 685 km²
Folketal 230 399 [1]
Tettleik 49 / km²
borgarmeister Orhan Fevzi Gümrükçüoğlu
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 61xxx
Retningsnummer (+90) 462
Bilnummer 61
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Trabzon

Trabzon er ein by ved kysten av Svartehavet nordaust i Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Trabzon. Byen har kring 230 000 innbyggjarar.

Trabzon, som ligg langs den historiske Silkevegen, vart ein smeltedigel for religionar, språk og kultur i fleire hundreår og ein inngangsport for handelsrutene til Iran i søraust og Kaukasus i nordaust.[1] Venetianske og genuesiske handelsfolk vitja Trapezunt i mellomalderen og selde silke, lin og ull. Republikken Genova hadde ein viktig handelskoloni i byen på linkande måte som i Galata nær Konstantinopel (nord for Det gyldne hornet) i dagens Istanbul.[2] Trabzon danna grunnlaget for fleire statar gjennom den lange historia si og var hovudstad i keisarriket Trapezunt mellom 1204 og 1461. I den osmanske perioden vart Trabzon ein viktig hamneby og senteret for handel med Iran og Kaukasus.

Byen har eit sterkt mellomalderpreg. Det meste av den gamle bymuren er bevart samt fleire kyrkjer, moskear og anna. Byen har hatt universitet sidan 1963.

Byen har vore frihandelssone sidan 1992.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den greske kolonien Trapezus vart lagt frå Sinope på 500-talet fvt. Byen var hovudstad i den romerske provinsen Pontus, og frå 1204 til 141 var han hovudstad i keisarriket Trapezunt. Byen har gjennom fleire tusen år vore ein viktig hamne- og handelsby, og var i mellomalderen startpunkt for karavanevegane austover.

I 1895 vart byen åstad for ein massakre på armenarane. Byen hadde ein stor armensk folkesetnad fram til folkemordet på armenarane under første verdskrigen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Trabzon har eit klima typisk for Svartehavsregionen med mykje nedbør. Under Köppen si klimaklassifisering har han maritimt klima (Cfb).[3] med varme og fuktige somrar, og ein normal maksimumstemperatur kring 27 ºC i august. Vintrane er kjølige og fuktige, og den lågaste normale minimumstemperaturen er kring 5 °C i januar. Det kjem mest nedbør på hausten og vinteren, men langt mindre om sommaren. Det er forholdsvis vanleg med snø mellom desember og mars. Snøen fell ofte tungt når han først kjem og ligg gjerne ei veke eller to. Vatnet langs kysten er alltid kjølig med temperaturar mellom 8 og 20 °C gjennom året.

Klimadata for Trabzon
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 24.3 26.4 33.1 35.0 37.8 35.9 37.0 34.8 33.2 32.7 30.3 26.4 37,8
Normal maks. temp. °C 10.8 10.9 12.3 15.8 19.1 23.5 26.3 26.9 23.9 20.1 16.2 12.9 18 23
Normal min. temp. °C 4.4 4.3 5.6 8.8 12.8 16.9 20.0 20.3 17.2 13.5 9.3 6.3 4,3
Kulderekord °C -4.6 -6.1 -5.0 -2.0 5.4 10.3 13.5 13.8 9.4 3.8 1.0 -3.1 -6,1
Nedbør (mm) 74.0 60.7 58.8 58.8 50.9 49.2 37.3 46.5 77.0 119.5 100.2 83.5
relativ fukt 69 69 73 75 77 75 73 73 74 73 70 68 72,4
Normal mengd regndagar 13.1 12.6 13.9 14.6 13.2 11.3 8.4 9.7 12.0 13.6 13.1 13.0 148,5
Normale månadlege solskinstimar 83.7 89.6 105.4 129.0 176.7 210.0 179.8 167.4 150.0 133.3 108.0 80.6 1 613,5
Kjelde nr. 1: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [4]
Kjelde nr. 2: Weatherbase [5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Trabzon (tr)
  2. William Miller (2009). The Latin Orient. Bibliobazaar LLC. ss. 51–54. ISBN 1-110-86390-X. 
  3. Peel, M. C.; Finlayson, B. L.; McMahon, T. A. (2007). «Updated world map of the Köppen-Geiger Klima classification». Hydrology og Earth System Sciences 4 (2): 439–473. doi:10.5194/hessd-4-439-2007. 
  4. http://www.dmi.gov.tr/veridegerlendirme/il-ve-ilceler-istatistik.aspx?m=TRABZON
  5. http://www.weatherbase.com/weather/weatherall.php3?s=83071&refer=&einings=us&cityname=Trabzon-Turkey

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trabzon