Tradisjonell pop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frank Sinatra gjorde karriere på å tolke standardsongar

Tradisjonell pop eller klassisk pop er eit musikalsk omgrep som omfattar vestleg (og særleg amerikansk) popmusikk som kom før rock and roll i midten av 1950-åra eller som eksisterte samstundes med rock and roll, men som oppstod før rock and roll. Han var før rock 'n' roll ein av dei mest kommersielle musikksjangrane i vestleg kultur.[1] Uttrykket popstandardar, standardsongar eller standardrepertoar vert nytta om dei mest populære og varige songane frå denne musikkstilen.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Klassisk pop femner om songar som kom frå musikalsongar frå Broadway og Hollywood frå om lag den første verdskrigen til 1950-talet. Komponistar som skreiv denne type songar var mellom anna Irving Berlin, Harold Arlen, Jerome Kern, George Gershwin og Ira Gershwin, Richard Rodgers, Lorenz Hart, Oscar Hammerstein, Johnny Mercer, Dorothy Fields, Hoagy Carmichael, Cole Porter.

Storbandperioden utvikla etter kvart fleire standardsongar. Bandleiarar som Tommy Dorsey, Cab Calloway, Benny Goodman og Count Basie var stadig nyskapande. Storbandsongarar, som tidlegare hadde vore rekna som solistar og som sjeldan utmerka seg, vart no store artistar, som Frank Sinatra, Doris Day, Ella Fitzgerald og Dinah Shore.

Sjangeren bestod av mange oppsiktsvekkjande og mangfaldige songarar, låtskrivarar og stilskaparar. Jazzpionerar som Louis Armstrong, Duke Ellington og Paul Whiteman gjorde jazzmusikk populært for store publikum. Samstundes skriv låtskrivarar i Tin Pan Alley og på Broadway mange songar som vart standardlåtar. Kort tid etter introduserte radio musikken til millionar av lyttarar, ofte skrive av artistar som Hoagy Carmichael, eller sunge i ein meir roleg og personleg stil av croonerar som Rudy Vallee eller Bing Crosby.

Det som skil standardsongane frå andre populære songar i denne tidsperioden var at standardsongane kom til å verte huska heilt fram til vår tid. Mange av låtskrivarane i denne perioden skreiv fleire standardsongar, medan andre som «Learning the Blues» av Dolores Silver og «Willow Weep for Me» av Ann Ronell kan reknast som denne perioden sine «one hit wonders», songar av låtskrivarar som berre fekk denne eine hitten.

I seinare tiår har standardlåtane kome frå band og orkester leia av artistar som Guy Lombardo, Nelson Riddle, Rosemary Clooney og Dean Martin. Mange artistar har gjort karrierar på å tolke standardrepertoaret som Ella Fitzgerald, Billie Holiday, Frank Sinatra, Lena Horne, Tony Bennett, Vic Damone, Johnny Mathis, Barbra Streisand, Peggy Lee, Sammy Davis Jr., Mel Tormé, Sarah Vaughan, Eydie Gorme, Andy Williams, Nancy Wilson, Jack Jones, Steve Lawrence og Cleo Laine.

I andre sjangrar som country, fekk Patsy Cline og klassiske artistar som Victor Borge, sine største suksessar når dei kryssa over til pop eller framførte songar på popshow som Toast of the Town.

Fleire artistar i dag har arbeida med stilar innan tradisjonell pop, som Harry Connick, Jr., Michael Bublé, Diana Krall, Stacey Kent, John Pizzarelli, Karrin Allyson, Madeleine Peyroux, Jane Monheit, Maude Maggart, samt kabaretsongarar som Andrea Marcovicci og Bobby Short.

Etter rock and roll[endre | endre wikiteksten]

rock and roll dukka opp i 1950-åra vart mykje av den tradisjonelle popen, som ungdomane såg på som foreldra sin musikk, pressa til side. Popmusikk sunge av Sinatra, Ella Fitzgerald, Peggy Lee og deira samtidige vart forvist til heismusikk og klubbar i Las Vegas og andre stader på 1960- og 1970-talet.

I 1983 valde Linda Ronstadt, som då vart rekna som ein av dei førande kvinnelege vokalistane innan rock,[2] [3] å samarbeide med den legendariske orkesterleiaren Nelson Riddle og gje ut eit album med standardsongar frå 40- og 50-åra kalla What's New. Det nådde tredjeplass på Billboardlista, vann ein Grammy-pris og inspirerte Ronstad og Riddle til å lage to album til i 1984 og 1986.[4] Alle tre albuma vart populære og viste ein heilt ny generasjon musikken frå swing-tida og tida før.[5]

Etter Ronstad har fleire andre rock- og popstjerner gjort liknande prosjekt innan tradisjonell pop for ein større kommersiell marknad. Nokre av desse artistane er Cyndi Lauper, Sheena Easton, Queen Latifah, Willie Nelson, Joan Osborne, Rita Coolidge, Robbie Williams og Rod Stewart.

Tradisjonell pop i dag[endre | endre wikiteksten]

lounge-kulturen oppstod på midten av 1990-åra førte dette til ny interesse for musikken, stilen og artistane som framførte tradisjonell pop i tida før rock, som Rat Pack og artistar innan exotica.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. allmusic - "Traditional pop"
  2. Rolling Stone. Rock's Venus. Vitja 10. september 2008.
  3. The Daily News. Work's out fine,best female voice in rock og roll. Vitja 10. september 2008.
  4. Family Week=. Linda Ronstadt: The Gamble Pays off Big. Vitja 10. september 2008.
  5. Jerry Jazz Musician=. The Peter Levinson Interview. Vitja May 4.