Traffic Circle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Traffic Circle
isbre
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 68°37′S 66°0′W / 68.617°S 66.000°W / -68.617; -66.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Traffic Circle
68°37′00″S 66°00′00″W / 68.6167°S 66°W / -68.6167; -66
Traffic Circle is located in Antarktis
Traffic Circle (Antarktis)

Traffic Circle er ein isbredekt vidde som ligg 500 meter over havet, sør for Mount Ptolemy og midt på Den antarktiske halvøya mellom Marguerite Bay og Mobiloilfjorden. Hub Nunatak stig opp frå midten av Traffic Circle.

Frå denne staden går fem isbredalar utover som eikene på eit hjul. Ein går nordover til Gibbsbreen og Nenybreen og vidare til Nenyfjorden. Ein annan går vestover til Lammersbreen og Windy Valley, og vidare til Mikkelsen Bay. Ein tredje, Colebreen, går sørvest langs Godfrey Upland mot Wordieisen. Den fjerde, Weyerhaeuserbreen, går sørover mot Wakefield Highland og knytt til isbrear som går vestover til Wordie isbrem. Den femte, Mercator forlandsbre, får is frå Weyerhaeuser, Cole og Gibbsbreen, og breiar seg ut medan han går nedover og austover til enden av Mobiloilfjorden. Han vart oppdaga i 1940 av medlemmar av gruppa frå East Base frå U.S. Antarctic Service (USAS), 1939-41, som nytta desse dalane til å reise over høglandet, og kalla han derfor Traffic Circle, som tyder rundkøyring på engelsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Traffic Circle (Antarctica)» (innhald frå Geographic Names Information System).