Trafikkulukke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
To bilar etter ein front mot front-kollisjon.

Ei trafikkulukke er ei ulukke som ofte fører til personskade, og endå oftare til skade på køyretøy. Biltrafikken er skuld i mange ulukker kvar dag, som oftast i form av kollisjonar.

Norske tilhøve[endre | endre wikiteksten]

I Noreg må den som eig ein bil, stå til ansvar for skade som bilen påfører andre (objektivt bilansvar). Difor er alle bileigarar pålagde (gjennom bilansvarslova) å teikna ansvarsforsikring. Dei som vil forsikra seg mot utgifter som følgjer av skade på eigen bil, lyt i tillegg teikna kaskoforsikring.

I 2005 var det 8 122 registrerte ulukker på norske vegar. 11 546 personar vart skadde og 223 vart drepne. I resten av verda vert rundt rekna 50 millionar menneske skadde og 1,2 millionar menneske drepne kvart år av biltrafikk.

I januar 2006 registrerte politiet i Noreg 493 ulukker med personskade. 13 menneske omkom og 709 vart skadde i desse ulukkene. Av dei 13 omkomne den månaden var åtte bilførarar, to bilpassasjerar og tre fotgjengarar. Tilsvarande tal for januar i 2005 var 19 omkomne og 769 skadde, medan januarsnittet for tiårsperioden 1997–2006 er 21 drepne og 764 skadde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne transportartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.