Traian Băsescu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Traian Băsescu med George W. Bush

Traian Băsescu, fødd 4. november 1951 i Basarabi i Constanţa-provinsen, er ein rumensk politikar, og president i Romania sidan 20. desember 2004. Han leia det konservative partiet Partidul Democrat (Det demokratiske partiet), men gjekk av då han vart president sidan ein rumensk president ikkje kan vera partimedlem. Presidentkandidaturet hans vart òg støtta av det liberale partiet Partidul Naţional Liberal (Det nasjonalliberale partiet). Han kom på andre plass i første runde av presidentvalet 29. november 2004, med 33,9 % av røystene, men slo den sosialdemokratiske kandidaten Adrian Năstase med 51,2 % av røystene i andre valomgang, 13. desember.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Traian Băsescu
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.